Gode naboar

Svensk, norsk og dansk er nære språklige naboar og utgjer saman med islandsk og færøysk dei nordiske språka. I filmen samtalar Amie, Sandra og Johannes om verdien av det språklige fellesskapet i Norden og kvifor det er viktig å bruke morsmålet når ein møter nordiske naboar.

Oppgåver før du ser filmen

  • 1.

    Kva meiner du er fordelane ved at ein kan prate dansk, svensk eller norsk og bli greitt forstått innad i Norden?

  • 2.

    Kva likskapar ser du mellom dansk, svensk og norsk språk?

  • 3.

    Kva av dei andre nordiske språka tykkjer du er lettast å forstå? Kvifor?

Oppgåver til filmen

  • 1.

    Sandra, Amie og Johannes nemner i filmen fleire fordelar ved å kunne bruke morsmålet når ein kommuniserer med andre frå Norden.

    Kva meiner du er den viktigaste fordelen?

  • 2.

    Biletet under viser døme på ord vi i Norden har fått frå fransk. Dei er såkalla låneord og har fått ein nordisk skrivemåte.

    Kva låneord kjenner du til frå eit anna nordisk språk, engelsk eller tysk?

  • 3.

    Særleg i storbyane tar ungdomsspråket også opp i seg ord frå ikkje-europeiske språk, til dømes arabisk og urdu. Kva slike ord kjenner du til, og kva betyr orda?

  • 4.

    Korleis trur du det vil vere om 50 år? Vil ungdom i Norden fortsatt kunne snakke morsmålet sitt med kvarandre og bli forstått, eller vil dei berre kommunisere på engelsk?

Læreplan

Norsk, etter 10. trinn

Språk, litteratur og kulturSpråk, litteratur og kultur – beherske grammatiske omgrep som beskriver korleis språk er bygd opp.

Norsk Vg1

Språk, litteratur og kulturbeskrive grammatiske særtrekk i norsk og samanlikne med andre språk.