Norsk

Samanlikna med Danmark og Sverige har dialektbruk i Noreg ei sterk stilling. I filmen fortel Amie om dialektmangfaldet og om bakgrunnen for at det finst to skriftlege variantar av norsk: bokmål og nynorsk.

Oppgåver før du ser filmen

  • 1.

    Kva meiner du kjenneteiknar norsk språk når det gjeld uttale, ord og skrivemåte?

  • 2.

    Gje nokre døme på typiske norske ord og uttrykk.

Oppgåver til filmen

  • 1.

    I starten av filmen tøyser Sandra og Johannes med Amie og kjem med liksom-norske ord.

    Kva heiter eigentleg «traskesnakker», «kjempetorsk», «tryneorgel» og «rumpekrafs» på norsk?

  • 2.

    Forklar kva som meinast med påstanden «norsk er dansk uttalt på svensk».

  • 3.

    Kvifor trur du det var så viktig for mange nordmenn at Noreg fekk sitt eige skriftspråk på 1800-talet?

  • 4.

    Kva grunnar kan det vere til at dialektar har ei mykje sterkare stilling i Noreg enn i Sverige og Danmark?

  • 5.

    Kva fekk du vite om norsk språk i denne filmen som du ikkje visste frå før?

Læreplan

Norsk, etter 10. trinn

Muntleg kommunikasjonLytte til, forstå og gjengi informasjon frå svensk og dansk.

Språk, litteratur og kultur

  • Gjere rede for nokre kjenneteikn ved hovudgrupper av talemål i Noreg, og diskutere haldningar til ulike talemål og til dei skriftlege målformene nynorsk og bokmål.
  • Beherske grammatiske omgrep som beskriver korleis språk er bygd opp.
  • Bruke grammatiske omgrep til å samanlikne nynorsk og bokmål.
  • Forklare bakgrunnen for at det er to likestilte norske målformer og gjere rede for språkdebatt og språklig variasjon i Noreg i dag.

Norsk Vg1

Språk, litteratur og kulturBeskrive grammatiske særtrekk i norsk og samanlikne med andre språk.