Luftkvalitet
I Noreg forbind vi ofte dårleg luftkvalitet med byar som Beijing og andre storbyar i Kina. Det er lett å fordømme Kina for manglande klimatiltak, men vi har også utfordringar heime. Oslo og Bergen opplever svært dårleg luftkvalitet enkelte dagar i året. Dei negative helseeffektane av dårleg luftkvalitet får menneske frå Carl Berner til Beijing til å krevje at politikarane tek grep og reduserer utsleppa.