Påverka – Episode 1
Kva skjer når vi lar algoritmar definere verdien vår?
I denne episoden møter vi André, Elias og Lisa, tre unge menneske som alle har mista fleire år til eteforstyrringar, men som no brukar stemma si for å skape openheit. Felles for dei er at sjukdommen vart forverra og forsterka av sosiale medium. Historiene deira viser at eteforstyrringar kan ramme på heilt ulike måtar uansett kjønn, alder og kropp.
Saman med leiande ekspertar avdekker dei korleis sosiale medium påverkar sjølvbiletet vårt og kunstig intelligens manipulerer oss.