Påverka – Episode 3

Vegen ut av presset frå sosiale medium er digitale pausar og ekte menneskeleg kontakt. 

I denne episoden får du konkrete tips til å få ein betre kvardag. Elias og Lisa skildrar korleis dei nesten tvangsmessig sjekka speil og mobilkamera for å kontrollere utsjånaden sin, men dei har klart å slutte med det. André fortel korleis ønsket om å vise fram sin hockeykarriere på sosiale medium vart ei influensarfelle. Alt han la ut var løgn og ingen burde følgje hans døme. 

Ekspertane forklarer korleis søvnmangel og skjermbruk svekker hjernens funksjon og kjem med gode råd om sjølvaksept, balanse og det å bruke kroppen til å leve, ikkje prestere. Bodskapen er klar, verdien vår ligg ikkje i korleis vi ser ut, men i kven vi er og korleis vi har det saman. 

Refleksjon og diskusjon

  • 1.

    Å høyra til i eit fellesskap er viktig for oss menneske, men ikkje alle fellesskap er bra for oss.

     

    A. Diskuter korleis eit fellesskap kan framstå som positivt og inkluderande, men eigentleg er skadeleg.

     

    B. Kven set premissane for fellesskapet?

     

    C. Kan du sjå likskapar ved forskjellige skadelege/ekstreme fellesskap?

     

    D. I filmen blir det oppfordra til å ha fokus på korleis vi har det saman, snakke saman og sjå kvarandre i auga. Skildre kva som skaper eit godt miljø og fellesskap.

     

    Gjennomfør oppgåva i grupper og oppsummer i plenum.

  • 2.

    I filmen blir det snakka om kor viktig søvn er for ungdom og du får gode råd for å sove godt.

     

    A. Korleis ser kvelden din ut den siste timen før du legg deg?

     

    B. Har du nokon gong opplevd at du blir liggande vaken fordi du har sett eller lest noko på sosiale medium, eller ikkje klarer å legge bort mobilen?

     

    C. Nemn tre gode søvnrutinar.

     

    Gjennomfør oppgåva i grupper og oppsummer i plenum.

Praktisk

  • 1.

    Skriv ein tekst om:

     

    Alternativ 1: Å hamne i eit skadeleg/ekstremt miljø eller kaninhull på nett. Teksten kan vere oppdikta, inspirert av røyndommen eller ei sann historie.

     

    Alternativ 2: Korleis du trur livet hadde vore utan mobiltelefon. Alt anna er som det er i dag. Beskriv ein dag i livet ditt utan mobil.

  • 2.

    Ungdom treng 8-10 timar søvn kvar natt. Kva grep kan du ta for å sikre at du får nok søvn? Lag ein realistisk og gjennomførleg plan.

     

    Oppgåva kan du gjera som heimelekse og levera skriftleg.