Påverka – Episode 4

Korleis kan vi ta tilbake kontrollen? 

Eit ungdomsopprør mot tech-gigantane er nok umogleg, men vi er ikkje maktlause, seier ekspert Inga Strümke. Vi må lære oss å sjølvregulere og bruke sosiale medium på ein måte som ikkje skader oss. 

I denne episoden lærer vi korleis sosiale medium kunne vore utforma på ein barnevenleg måte, og om konkrete grep vi kan gjennomføre allereie i dag. Bodskapen er håpefull. Sjølv om vi ikkje kan stoppe utviklinga kan vi lære å leve sunt i den digitale røyndommen. André minner oss på at ingen menneske er like og at vi aldri kan måla verdien vår i kropp eller «likes», men i korleis vi lever, føler og møter kvarandre. 

Refleksjon og diskusjon

  • 1.

    Mange bedrifter og personar brukar sosiale medium som marknadsføringskanal for å auke innteninga si, men sosiale medie-appane følgjer ikkje Vær varsam-plakaten og er ikkje underlagt norsk lov. Barn har vorte ein av dei viktigaste målgruppene på sosiale medium, men barn har ikkje medråderett og appane følgjer ikkje FNs barnekonvensjon.

     

    A. Undersøk kva disse omgrepa tyder: Vær varsam-plakaten, medråderett og FNs barnekonvensjon.

     

    B. Kvifor er det ikkje lov med reklame retta mot barn, marknadsføring av usunn mat og drikke retta mot barn, og alkohol- og tobakksreklame i Noreg?

     

    C. Kvifor mottek barn likevel mykje reklame gjennom sosiale medium?

     

    Gjennomfør oppgåva i plenum.

  • 2.

    Sjå føre deg at du opplever noko skremmande på nett eller sosiale medium, som rammar deg sjølv eller andre.

     

    A. Kva strategiar brukar du for å ta vare på deg sjølv eller andre, og handtere situasjonen?

     

    B. Undersøk kven ein kan kontakte og snakke med om ein føler seg utrygg på nettet.

     

    C. Lag ei felles oversikt med råd og kven ein kan kontakte, og heng ho opp i klasserommet.

     

    Gjennomfør oppgåva i grupper og oppsummer i plenum.

Praktisk

  • 1.

    I løpet av dei fire episodane har det vore argumentert for å forby eller avgrense deler av sosiale medium, men òg at vi ikkje kan vente at utanlandske selskap vil rette seg etter norsk lov, og at vi difor må lære oss fornuftig bruk. Kva tenker du?

     

    A. Lag ei liste med argument for dei ulike standpunkta før du skriv.

     

    B. Skriv ein argumenterande tekst.

     

    Gjennomfør oppgåva individuelt.

  • 2.

    Sjå filmen «Kva er personvern?», som ligg på dubestemmer.no, under ungdomsskule og viaregåande.

     

    A. Kva tyder personvern for deg?

     

    B. Kvifor er det vanskeleg å forstå språket i personverninnstillingane på sosiale medium?

     

    C. Kva endringar meiner du ville gjort sosiale medium meir passande for barn og unge?

     

    Gjennomfør oppgåva i plenum.