Samfunnsøkonomi
Samfunnsøkonomi inneheld filmar som framstiller samfunnsøkonomiske problemstillingar på ein enkel måte. Dette er eit fag med to sider. Økonomidelen inneheld matematiske modellar, som raskt blir for kompliserte for dei aller fleste av oss. Difor stoppar vi ofte opp der, dessverre. For når du går inn i samfunnsdelen av faget, altså kva modellane prøver å finne ut av og lage system for, så ser ein kor relevant dette komplekse faget er i forhold til å forstå politikk og generell samfunnsutvikling. Alle bør kunne litt samfunnsøkonomi.
Hovuddelen av serien er filmar som presenterer Nobelprisvinnarar i økonomi, i alt 13 filmar, fram til 2015. Målgruppa er allmenta, studentar og lærarar innan økonomiske fag.