Økonomiprisen 2005
Spillteori handlar om strategi. Eit fagfelt der matematikken møter økonomien, som møter strategien, som igjen møter filosofien. I spillteorien prøver ein å beskrive og forutse våre handlingar i strategiske situasjonar ved hjelp av matematikk. I filmen «Økonomiprisen 2005» ser vi nærare på korleis nobelvinnarane Robert J. Aumann og Thomas C. Schelling utvikla teorier for å betre forstå korleis vi menneske tenkjer og handlar. Både i situasjonar prega av samarbeid og konflikt.