Økonomiprisen 2009

Nobelprisen i økonomi 2009 blei tildelt Elinor Ostrom (USA) og Oliver Williamson (USA) for deira analyse av økonomiske styresett, spesielt bedrifters grenser (Williamson). Ostrom utfordrar tankegangen om at brukerstyrte samfunn er dårleg styrt og at slike bør enten bli styrt av ein eigar eller underlagde reguleringar av staten. Williamson har fokusert på at marknader og selskap skal sjåast på som alternative (økonomiske) organiseringar, og at desse skil seg gjennom korleis dei løser interessekonfliktar.

Oppgåver: Oliver Williamson

  • 1.

    Williamson har argumentert med at marknader og selskap skal sjåast på som alternative (økonomiske) organiseringar, og at desse skil seg gjennom korleis dei løser interessekonfliktar. Han peikar på at i marknader handlar det om forhandlingar, som innbyr til pruting og uenighet. Innanfor bedrifter løser ein slike konfliktar gjennom bruk av autoritet (hierarkisk styrt beslutning). Ulempen med selskap er at makta kan bli misbrukt.

    • Kva ser de som dei største fordelane og ulempene ved at transaksjonar henholdsvis skjer i marknaden og innanfor selskap?
    • Samtidig vil ein kunne tolerere konfliktar i eit marked med mange like seljarar og kjøparar. Kva kan vere årsaken til dette?
  • 2.

    Williamson spår også at jo større gjensidig avhengigheit mellom partane, jo meir sannsynleg er det at menneske utfører transaksjonar innanfor grensene til eit selskap framfor i eit marked.

    • Korleis kan dette forklarast?
  • 3.

    Williamson seier at eit fritt marked vil fungere bra så lenge det ikkje er hinder for å skrive eller utføre detaljerte kontraktar. For det andre vil relasjonsspesifikke investeringar i fysisk eller menneskeleg kapital føre til at ein blir meir gjensidig avhengig av kvarandre. På den måten blir også byttekostnaden, å skifte forretningspartner, mykje høgare. Dette fører igjen til at ein får lange kontraktar eller at ein slår seg saman til eit selskap. Williamson bruker som eksempel ein kullgruve og ein straumleverandør. Desse vil trolig vere gjensidig avhengige av kvarandre dersom avstanden til andre kullgruver og straumleverandørar er stor.

    • Kva slags relasjonsspesifikke investeringar kan ein tenke seg med kullselskapet og straumleverandøren?
    • Med to aktørar vil ein alltid få forhandlingar som ein ville unngått dersom desse tilhørte same selskap. Kva vil trolig den største forhandlinga vere med to selskap, og som ein ville sluppet dersom alle verdiar var samla i eitt selskap?
  • 4.

    Som i eksempelet med kull og straum peikar også Williamson på at jo meir spesifikt behovet for råvarer er (ein heilt bestemt råvare, alternativt eit heilt bestemt kvantum til gitte tider), jo lenger vil kontraktane vare, med mindre dei slår seg saman til eitt selskap (frå markedsrelasjon til same selskap).

    • Kvifor er byttekostnader vanskelegare jo meir spesifikt råvarebehovet er?
  • 5.

    I forhold til opptak av gjeld, anten for investeringar eller kjøp av råvarer, finst to moglegheiter for finansieringsløsningar. Det eine er aksjonærer, det andre investorar – inkludert kreditorar.

    • På kva måte skil aksjonærer seg frå kreditorar når det gjeld korleis verksemda skal styrast?

Oppgåver: Elinor Ostrom

  • 1.

    Ostrom har utfordra tankegangen om at brukerstyrte samfunn er dårleg styrt, og at slike bør anten bli styrt av ein eigar eller underlagde reguleringar frå staten. Enkelte slike samfunn består av eigarskap til teknologi, til dømes at ei gruppe bønder har tilgang til nokre traktorar framfor at kvar bonde har sin eigen traktor. I andre tilfelle består fellesressursen av ein råvare som ein ikkje kan bli einige om kven som eig – til dømes grunnvassføremål som ligg under fleire eigedommar.

    • Kva utfordringar finn de når det gjeld brukerstyrte samfunn, til dømes reindrift som vart nemnd i filmen?
    • Korleis ville de løyst utfordringa med grunnvassføremålet slik at ingen fekk særfordelar framfor andre (korleis skulle ein fordelt og kontrollert)?
  • 2.

    Brukerstyrte samfunn meiner sjølv at dei er best i stand til å sjå moglegheiter og utfordringar; dei veit best «kvar skoen trykkjer».

    • Kor enige er de i eit slikt utsagn?
    • På kva måte gjenspeglar dette prinsippet seg i beslutningsnivåa innanfor det offentlege Noreg?
  • 3.

    Gjennom studiar har Ostrom funne at nokre brukerfellesskap vart meir kompliserte når talet på deltakarar i gruppa auka, eller at tidshorisonten vart kortare. Ein kan også tenke seg at andre forhold speler inn, til dømes teknologi, som gjer at ein treng færre arbeidarar for å utføre same type jobb.

    • Kva konsekvensar kan det få når ein tek i bruk teknologi, eller at gruppestørrelsen aukar i forhold til ressursen ein har til rådvelde?
  • 4.

    Det er mange utfordringar i brukerstyrte samfunn fordi ein er gjensidig avhengig av kvarandre. For å undersøke dette nærare har ein brukt spelteori som rammeverk for forskinga, blant anna gjennom å bruke «fangens dilemma» som utgangspunkt.

    • Finn ut kva «fangens dilemma» handlar om, og forklar kvifor dette er ein måte å betrakte utfordringar med gjensidig avhengighet.

Læreplan

Samfunnsfag VG1/VG2 utforskaren

Formulere ei aktuell samfunnsfagleg problemstilling og skrive ein drøftande tekst ved å bruke fagomgrep, variert kjeldetilfang og kjeldetilvisingar.

Samfunnsøkonomi 1 VG2/VG3 marknadsteori

Drøfte moglegheiter og avgrensingar i marknaden.

Samfunnsøkonomi 1 VG2/VG3 Inntektsfordeling og miljøproblem

Forklare indirekte verknader av produksjon og forbruk.

Samfunnsøkonomi 2 VG2/VG3 marknadsteori

  • Gjere greie for monopolet si tilpassing i marknaden og samanlikne med fullkomen konkurranse.
  • Gjere greie for ulike former for ufullkomen konkurranse.

Samfunnsøkonomi 2 VG2/VG3 Økonomisk vekst

Gjere greie for verkemiddel som kan brukast for å oppnå økonomisk vekst.

Samfunnsøkonomi 2 VG2/VG3 Inntektsfordeling og miljøproblem

  • Drøfte ulike oppfatningar av omgrepet berekraftig utvikling.
  • Gjere greie for direkte eller indirekte inngrep i marknaden for å førebyggje miljøskadar og hindre overforbruk av ressursar.

Samfunnsøkonomi 2 VG2/VG3 Arbeidsløyse og økonomisk politikk

Gjere greie for ulike teoriar om arbeidsløyse og vurdere eigna verkemiddel mot arbeidsløyse.