Økonomiprisen 2013
Det er umogleg å forutsi prisen på ein aksje eller obligasjon dei næraste dagane eller vekene. Men i ein lengre tidshorisont på tre til fem år går det an å forutsi tendenser for kursutviklinga. Dette er både overraskande og motstridande oppdagingar som blei gjort av årets Nobelprisvinnarar i økonomi, Eugene Fama, Lars Petter Hansen og Robert Shiller.
I byrjinga av 1960-talet viste Eugene Fama at det var mykje vanskeleg å forutsi prisen på ein aksje på kort sikt. Ny informasjon om eit selskap påverka prisen på aksjen momentant. På 80-talet fann Robert Shiller derimot ut at det også var andre faktorar som bidrog til prissettinga av aksjar og verdipapir. Trendar, kjensler og flokkmentalitet styrte i stor grad investeringar og prissetting. For å teste desse teoriane kravdes det avanserte modellar som samanliknar aksjeprisar med avgjersler om sparing og risiko hos rasjonelle investorar. Det er her Lars Petter Hansen kjem inn.