Sikkerhetskopien

På Svalbard har den norske regjeringa opna verdas største frøhvelv. Under permafrosten sikrast frø frå heile verda i tørre og kalde fjellhallar. Målet er å bevare den store genetiske variasjonen innan verdas matplanter.

Filmen fortel kvifor Svalbard er det optimale staden for lagring av frø, og korleis frøhvelvet bidrar til å bevare det genetiske mangfaldet i verdas matplanter. Filmen består av opptak frå frøhvelvet på Svalbard og innsamling av frø i Kenya.

Oppgåver før du ser filmen

  • 1.

    Kva er eit frøhvelv?

  • 2.

    Kvifor treng vi frøhvelv?

  • 3.

    Kva kan vere fordelen med å plassere eit globalt frøhvelv på Svalbard?

Spørsmål til filmen

  • 1.

    Kva slags type frø blir lagra i frøhvelvet på Svalbard?

  • 2.

    Kvifor er det behov for å lagre frø på eit sikkert og trygt stad?

  • 3.

    Kvifor er matvareproduksjonen i verda sårbar?

  • 4.

    Kvifor er det gunstig å plassere eit globalt frøhvelv på Svalbard?

  • 5.

    Kven eig frøhvelvet og frøa som er lagra der?

  • 6.

    Kvifor er det spesielt viktig for bønder i utviklingsland at deira frø blir lagra i genbankar og frøhvelv?

  • 7.

    Det finst ca. 1400 kjente genbankar i verda. Kva er funksjonen til desse genbankane?

  • 8.

    Kva skjer med frø frå dei kjem til genbankane til dei blir lagra?

  • 9.

    Kva kan vere årsaker til at frø går tapt i ein genbank?

  • 10.

    Kva er bakgrunnshistorien for opprettinga av det globale frøhvelvet på Svalbard?

  • 11.

    Kva er forskjellen på funksjonen til det globale frøhvelvet på Svalbard og dei andre genbankane?

  • 12.

    Kvifor kan vi seie at frøhvelvet på Svalbard er viktig for å bevare det biologiske mangfaldet i verda?

  • 13.

    Korleis kan frøhvelvet vere eit eksempel på anvending av føre-var-prinsippet?

Fordjupingsoppgåver

  • 1.

    Lag eit tankekart som oppsummerer det du veit om frøhvelvet på Svalbard.

    Bruk gjerne mindomo.com til å lage eit digitalt tankekart.

  • 2.

    Tenk deg 50 år fram i tid. Lag ei liste med utfordringar som bruken av frøhvelvet på Svalbard då kan stå overfor.

  • 3.

    Skriv ein artikkel om korleis frøhvelvet er eit viktig tiltak for å ta vare på genressursar og biologisk mangfald av matplanter i verda.

Læreplan

Naturfag, 8.-10. trinn

Mangfald i naturen

  • Observere og gi døme på korleis menneskelege aktivitetar har påverka eit naturområde, identifisere ulike interessegruppers syn på påverknaden, og foreslå tiltak som kan verne naturen for framtidige generasjonar.

Naturfag Vg1

Berekraftig utvikling

  • Forklare kva som ligg i omgrepa føre-var-prinsippet, usikker kunnskap og omgrepet bærekraftig utvikling, og gi døme på dette.
  • Gjere greie for korleis det internasjonale samfunnet arbeider med globale miljøutfordringar.

Bioteknologi

  • Vurdere informasjon om og drøfte etiske spørsmål knytt til bioteknologi

Biologi 1

  • Forklare kva omgrepet biologisk mangfald omfattar, og drøfte spørsmål kring ansvaret for å ta vare på biologisk mangfald lokalt og globalt.

Samfunnsfag, 8.-10. trinn

Geografi

  • Vurdere bruk og misbruk av ressursar, konsekvensar det kan få for miljøet og samfunnet, og konfliktar det kan skape lokalt og globalt.

Samfunnsfag, Vg1/Vg2

Internasjonale forhold

  • Gje døme på internasjonalt samarbeid og beskriv Noreg som internasjonal aktør.
  • Diskutere samanhengen mellom økonomisk vekst, miljø og berekraftig utvikling.RLE, 8.-10. årstrinn

Filosofi og etikk

  • Drøfte verdivalg og aktuelle tema i samfunnet lokalt og globalt: sosialt og økologisk ansvar, teknologiske utfordringar, fredsarbeid og demokrati.