SMART

Korleis kan smarte arbeidsklær forbetre sikkerheita til fiskarar? Kva slags teknologi kan hjelpe eldre til å klare seg lengre i eigen heim? Korleis kan ein liten satellitt bidra til å overvake skipstrafikken i norske farvatn? Det finst mange smarte forskingsprosjekt i Noreg som løser dagsaktuelle utfordringar og brukar framtidsretta teknologi. Her får du ein smakebit på nokre av dei.

SMART er ein filmserie om spennande teknologi- og forskingsprosjekt i realfag. Ein typisk film presenterer eit produkt, korleis produktet vart utvikla, og kva samfunnsnytte produktet har. Målgruppa for filmane er elevar, lærarar og allmennheita.

Filmane skal:

  • vekke engasjement og nysgjerrighet og gi fagleg forståing i realfaglege tema
  • gi innblikk i arbeidet ved forskingsinstitusjonar og bedrifter
  • gjere undervisninga meir relevant og praksisnær
  • vere rekrutteringstiltak for realfaglege yrke og studiar
  • gi inspirasjon til elevane sine eigne prosjekt

Med filmserien ønskjer vi å vise aktuell og framtidsretta teknologi og forsking innan fagområde som for eksempel romfart, materialteknologi, nanoteknologi og velferdsteknologi.

Filmane og oppgåvene i SMART-serien er spesielt tilpassa faget teknologi- og forskingslære på vidaregåande skule. Men filmane er òg aktuelle for naturfag og valgfaga teknologi i praksis og forsking i praksis på ungdomstrinnet, naturfag Vg1, kjemi 1 og 2, biologi 1 og 2 og fysikk 1 og 2 i vidaregåande skule.

Bidragsytarar

Filmane er finansiert av Utdanningsdirektoratet. Satellittfilmen er i tillegg delfinansiert av Norsk Romsenter, Kystverket og Kongsberg Seatex.

Faggruppen for filmane:

  • Wenche Erlien, Snöball Film
    Egil Olsen, Naturfagsenteret
    Frode Øren, Skolelaboratoriet, NTNU
    Dag Boman, Vitensenteret Sørlandet
    Cathrine Aasen Roksvåg, Tekna
    Kurt Nilsen, NHO Vestfold
    Torgeir Knag Fylkesnes, Teknologirådet

Samarbeidspartnarar

Utdanningsdirektoratet