Deprecated: trim(): Passing null to parameter #1 ($string) of type string is deprecated in /home/u479901513/domains/kunnskapsfilm.no/public_html/wp-content/plugins/acf-vimeo-field-master/acf-vimeo-funcs.php on line 11

Satellitten

AISSat-1 er ein norsk satellitt som overvakar skipstrafikken i norske farvatn. Prosjektet er eit samarbeid mellom Norsk Romsenter, Forsvarets forskingsinstitutt, Kongsberg Seatex og Kystverket. Vi ser på korleis satellitten er bygd opp, korleis den samlar inn data, og korleis data blir brukt. Dette prosjektet er ein norsk romsuksess og har sett Noreg på verdskartet når det gjeld romforskning.

Oppgåver før du ser filmen

  • 1.

    Kva er ein satellitt?

    Dette var ikke helt rett!
  • 2.

    Den første menneskeskapte satellitten heitte Sputnik 1 og blei send opp av Sovjetunionen i 1957. Vi har seinare sendt opp mange satellittar som går i bane rundt jorda. Kva du vi bruker desse satellittane til?

  • 3.

    Kva slags informasjon trur du vi kan få frå ein satellitt som overvaker havområda rundt norskekysten?

  • 4.

    Finn ut kva eit bruttotonn er.

  • 5.

    Finn ut kor langt ei nautisk mil er i kilometer.

Oppgåver til filmen

  • 1.

    Kva står forkortinga AIS for?

  • 2.

    Kva er fordelen med AIS-data frå satellitt samanlikna med data frå landbaserte basestasjonar?

  • 3.

    Kva slags data blir sende frå AIS-eininga (transponderen) på eit skip?

  • 4.

    Kva samarbeidspartnarar har vore med på AISSat-1-prosjektet?

  • 5.

    Kva er spesielt for AISSat-1 i forhold til mange andre satellittar? Ta med både budsjett, storleik, val av materiale, energibehov og levetid i svaret.

  • 6.

    Kva er hovudnyttelasta (instrumenta) til AISSat-1?

  • 7.

    Kva testar blei gjorde på AISSat-1 før han blei skoten opp?

  • 8.

    Lag ei oversikt over kven som kan bruke data frå AISsat-1, og kva dataa kan brukast til.

  • 9.

    Kva verdi kan dette prosjektet ha for partane som er med på prosjektet, for samfunnet og for miljøet generelt? Lag ein tabell over informasjonen.

Fordjupningsoppgåver

  • 1.

    Bruk www.satellitter.no og www.sarepta.org til å finne ut kva vi bruker satellittar til på ulike samfunnsområde.

  • 2.

    Søk på Internett og lag ei forklaring på omgrepet microspace technology.

  • 3.

    Skipstrafikken (AIS) langs kysten vår kan visast i sanntid på Kart i skolen. For å kunne sjå denne informasjonen må du vere innlogga. Finn deretter kategorien Kyst og sjøfart og slå på AIS.

    Kart i skolen.

    Du får då sjå all trafikk i heile Norden.

    1. Vel deg ein båt og finn ut kva båten heiter.
    2. Finn ut kva nasjonalitet båten har.
    3. Finn ut kvar båten skal (destinasjonen).
    4. Finn ut kva last han har (om mogleg).
  • 4.

    AISSat-1 er ein satellitt som tek imot posisjonar og andre data frå AIS-einingar på båtar, mens andre satellittar blir brukte til å bestemme posisjonen til ein mottakar på jorda.

    Les artikkelen GPS – Satellittnavigasjon og lag ei kort beskriving av korleis GPS-systemet verkar.

Læreplan

ToF 1

Teknologi, naturvitskap og samfunn

  • Gjere greie for utvikling og produksjon av eit teknologisk produkt og vurdere produktets brukervennlighet, utviklingsmoglegheiter og miljøpåverknad.
  • Kartlegge og presentere praktisk bruk av realfag i ein lokal bedrift eller institusjon.

Design og produktutvikling

  • Dokumentere og presentere designprosessar frå idé til ferdig produkt.
  • Begrunne val av materialar i produkt og vurdere produkta si form og funksjon, miljømessige konsekvensar, estetikk og forbedringsmoglegheiter.

ToF 2

Den unge forskaren

  • Gjere greie for eit forskingsprosjekt i ein bedrift eller institusjon, og beskrive problemstillingar, organisering, måleutstyr, resultat og finansiering.

Forskning, teknologi og samfunn

  • Beskrive kjenneteikn ved grunnforskning, anvendt forskning og utviklingsarbeid og gjere greie for hovudtrekk ved finansiering og styring.
  • Gjere greie for betydninga av naturvitskapleg forskning og teknologiutvikling for næringsliv og samfunn.

Naturfag, 8.-10. trinn

Verdensrommet

  • Gi ei oversikt over teknologisk utstyr som blir brukt i utforsking av verdensrommet.

Valfaget teknologi i praksis

Undersøkingar

  • Undersøkje teknologiske produkt og dei vala som er gjorde med omsyn til bruk, tekniske løysingar, funksjonalitet og design.

Valgfaget forskning i praksis

Idéutvikling

  • Delta i samtalar om eiga og andres utforsking.

Praktisk utforsking

  • Demonstrere og forklare metodar, virkemåten til utstyr og prosedyrar for datainnsamling i gjennomførte forskingsprosjekt.