Straumnettet
Ein av dei største utfordringane i elektrisitetsproduksjonen er at det til ei kvar tid må vere balanse mellom det som blir produsert og det som blir brukt av straum rundt om i landet. Jo meir straum som blir brukt, jo meir straum må produserast.
Kraftverk over heile landet overfører denne straumen til eit strømnett som dekkjer det meste av Noreg. Frå kraftverka går straumen i høgspentkablar til transformatorstasjonar og vidare ut på lokalnettet til den enkelte brukar.
Vårt nasjonale strømnett er forbundet med strømnetta i Norden og resten av Europa, noko som gjer det mogleg å eksportere og importere straum.