Deprecated: trim(): Passing null to parameter #1 ($string) of type string is deprecated in /home/u479901513/domains/kunnskapsfilm.no/public_html/wp-content/plugins/acf-vimeo-field-master/acf-vimeo-funcs.php on line 11

Bioenergi

Bioenergi er energien som frigjerast når vi forbrenner materiale frå plantar eller dyr. Truleg er bioenergi den mest brukte energiforma på jorda. I mange tusen år har vi menneske laga mat og varma oss ved bålet, og den dag i dag har om lag halvparten av jorda sin befolkning biomasse som sin viktigaste kjelde til oppvarming og matlaging.

Trebrikettar, torv, søppel og hushaldningsavfall kan utnyttast i langt større grad enn i dag, for eksempel i fjernvarmeanlegg. Energien som blir skapt i slike fjernvarmeanlegg kan brukast til oppvarming av bustader eller som drivstoff i bussar og bilar.

Oppgåver

Læreplan

Naturfag, etter 10. trinn

Mangfald i naturen – observere og gi eksempel på korleis menneskelege aktivitetar har påverka eit naturområde, identifisere ulike interessegruppers syn på påverknaden og føreslå tiltak som kan verne naturen for framtidige generasjonar.

Fenomener og stoffer

  • Undersøkje hydrokarbonar, alkoholar, karboksylsyrer og karbohydrater, beskrive stoffa og gi eksempel på framstillingsmåtar og bruksområde.
  • Forklare korleis vi kan produsere elektrisk energi frå fornybare og ikkje-fornybare energikjelder, og diskutere kva miljøeffektar som følgjer med ulike måtar å produsere energi på.

Naturfag Vg1

Berekraftig utvikling – undersøke ein global interessekonflikt knytt til miljøspørsmål og drøfte kvaliteten på argument og konklusjonar i debattinnlegg.

Energi for framtida

  • Gjere rede for ulik bruk av biomasse som energikjelde.
  • Gjere rede for forskjellen mellom energikjelder og energibærarar, samt ein aktuell energibærar for framtida.

Samfunnsfag, etter 10. trinn

Geografi

  • Gjere greie for indre og ytre krefter på jorda, rørsler i luftmassane, krinsløpet til vatnet, vêr, klima og vegetasjon og drøfte samanhengar mellom natur og samfunn.
  • Undersøkje korleis menneske gjer seg nytte av naturgrunnlaget, andre ressursar og teknologi i Noreg og i andre land i verda og drøfte premissar for berekraftig utvikling.
  • Undersøkje og diskutere bruk og misbruk av ressursar, konsekvensar det kan få for miljøet og samfunnet, og konfliktar det kan skape lokalt og globalt.

Samarbeidspartnarar

  1. Statkraft
  2. Enova
  3. Naturfagsenteret