Dansk
I dansk er det større forskjell på korleis ord blir uttala og korleis dei blir skrivne enn tilsvande i svensk og norsk. Johannes tar i filmen for seg nokre særtrekk ved dansk uttale, til dømes forkorting av lyder og støt. Forkorting av lyder kan vere at endinga blir utelatt (kan blir til ka´) eller at lyder inni orda blir forkorta (siger blir til si´r). Dansk er aleine i Norden om å ha det såkalla støt, eit lydfenomen som kan vere vanskeleg både å uttale og å høyre.