Pappa

Kjønnsrollene i Noreg har forandra seg mykje i løpet av dei siste tiåra. Ein av dei store endringane er at menn har blitt meir aktive foreldre og tilbringer meir tid saman med barna sine. I denne filmen møter vi ein familie der pappa er heimeverande, og vi opplever pappaen gjennom sonen Marius sine auge.

Oppgåver

Læreplan

Samfunnsfag, etter 10. trinn

Samfunnskunnskap

  • Gjere greie for omgrepa haldningar, fordommar og rasisme, og vurdere korleis haldningar kan bli påverka, og korleis den einskilde og samfunnet kan motarbeide fordommar og rasisme.

RLE, etter 10. trinn

Filosofi og etikk

  • Drøfte etiske spørsmål knytt til menneskeverd og menneskerettar, likeverd og likestilling, mellom anna ved å ta utgangspunkt i kjente forbilder.
  • Reflektere over etiske spørsmål knytt til mellommenneskelege relasjonar, familie og vener, samliv, heterofili og homofili, ungdomskultur og kroppskultur.

Norsk, etter 10. trinn

Muntleg kommunikasjon

  • Samtale om form, innhald og føremål i litteratur, teater og film, og framføre tolkande opplesing og dramatisering.
    Delta i diskusjonar med begrunna meiningar og sakleg argumentasjon.

Språk, litteratur og kultur

  • Drøfte korleis språkbruk kan verke diskriminerande og trakasserande.

Valgfaget demokrati i praksis, etter 10. trinn

Demokrati

  • Gjere greie for og drøfte omgrepa likestilling og likeverd.

Filmen og oppgåver kan òg brukast på barnetrinnet i tilknyting til kompetansemål om variasjonar i familieformer, samliv og respekt.