Kjønn og makt

Filmen handlar om likestilling, makt og kjønnsfordeling i arbeidslivet. Den består av intervju med ungdomar og fagekspertar med kompetanse på området.

Oppgåver

Læreplan

Samfunnsfag, etter 10. trinn

Historie

  • Drøfte ideal om menneskeverd, diskriminering og utvikling av rasisme i eit historisk og notidig perspektiv.

Samfunnskunnskap

  • Gjere greie for omgrepa haldningar, fordommar og rasisme og vurdere korleis haldningar kan bli påverka, og korleis den einskilde og samfunnet kan motarbeide fordommar og rasisme.

RLE, etter 10. trinn

Filosofi og etikk

  • Drøfte etiske spørsmål knytt til menneskeverd og menneskerettar, likeverd og likestilling, mellom anna ved å ta utgangspunkt i kjente forbilder.
  • Drøfte verdivalg og aktuelle tema i samfunnet lokalt og globalt: sosialt og økologisk ansvar, teknologiske utfordringar, fredsarbeid og demokrati.

Norsk, etter 10. trinn

Muntleg kommunikasjon

  • Samtale om form, innhald og føremål i litteratur, teater og film, og framføre tolkande opplesing og dramatisering.
  • Delta i diskusjonar med begrunna meiningar og sakleg argumentasjon.

Valgfaget demokrati i praksis, etter 10. trinn

Demokrati

  • Gjere greie for og drøfte omgrepa likestilling og likeverd.

Samfunnsfag Vg1/Vg2

Arbeids- og næringsliv

  • Finne informasjon om ulike yrke og diskutere moglegheiter og utfordringar på arbeidsmarknaden i dag.
  • Drøfte verdien av likestilling og konsekvensar av ein kjønnsdelt arbeidsmarknad.