Klimaendringar – før og no

Oppgåver

  • 1.

    Avstanden mellom jorda og sola varierer og gir opphav til store klimasvingningar på jorda. På kva måte varierer avstanden?

  • 2.

    Korleis kan observasjonar av sedimentar bidra til at forskarar kartlegg utbreiinga av havis og havnivå for tusen av år sidan?

  • 3.

    Kva metodar bruker forskarar for å kartlegge fortidens klima?

  • 4.

    Korleis er fortidens klima nyttig i arbeidet med å berekne framtidens klima?

  • 5.

    Kva meinast med omgrepa naturleg og menneskeskapt pådriv?

  • 6.

    FNs klimapanel har brukt klimamodellar til å rekonstruere temperaturen dei siste 100 åra. Korleis er desse rekonstruksjonane samanlikna med faktiske målingar av temperaturen?

Læreplan

Naturfag Vg1

Stråling og radioaktivitet

  • Forklare kva drivhuseffekt er og gje rede for og analysere korleis menneskeleg aktivitet endrar energibalanse i atmosfæren.

Samfunnsfag, etter 10. trinn

Geografi

  • Fortelje om naturgrunnlaget med vekt på indre og ytre krefter på jorda, rørsler i luftmassane, krinsløpet til vatnet, vêr, klima og vegetasjon, og drøfte samanhengar mellom natur og samfunn.
  • Vurdere bruk og misbruk av ressursar, konsekvensar det kan få for miljøet og samfunnet, og konfliktar det kan skape lokalt og globalt.

Geofag 2

Geoforskning

  • Gjere greie for problemstillingar, metodar og resultat i eit forskingsfelt innan geofag.

Klimaendringar

  • Beskrive hovudtrekk ved klimautviklinga frå siste istid til i dag og drøfte teoriar om naturlege og menneskeskapte klimaendringar.
  • Presentere informasjon om klimaendringar i polare område og gje rede for ulike syn på årsaker til klimaendringar og verknader av dei.