Vår forureining – ein trussel mot Arktis

Oppgåver

  • 1.

    Forskningsprosjektet POLARCAT har hatt som mål å kartleggje kvar luftforureininga i Arktis kjem frå. Kva er kjelder til svart karbon i Arktis?

  • 2.

    Kvifor er livet i Arktis meir sårbart for menneskeleg påverknad enn økosystem andre stader?

  • 3.

    Kvifor er forskarar bekymra for høge nivå av miljøgifter i Arktis?

  • 4.

    Korleis har det internasjonale samfunnet bidratt til å redusere forureininga i Arktis? Kvifor er det framleis stor bekymring rundt forureining i Arktis?

  • 5.

    Beskriv korleis sotpartiklar i Arktis påverkar den globale oppvarminga.

  • 6.

    Beskriv korleis problema med forureiningane i Arktis forverrar seg ved global oppvarming.

  • 7.

    Kvifor er det viktig at vi forskar på korleis luft- og vatnforureining spreier seg til Arktis og kva verknader dette kan gi?

Læreplan

Naturfag, etter 10. trinn

Mangfold i naturen

  • Observere og gje døme på korleis menneskelege aktivitetar har påverka eit naturområde, identifisere ulike interessegruppers syn på påverknaden og foreslå tiltak som kan verne naturen for framtidige generasjonar.

Naturfag Vg1

Berekraftig utvikling

  • Gje greie for korleis det internasjonale samfunnet arbeider med globale miljøutfordringar.

Stråling og radioaktivitet

  • Gjere greie for nokre mogelege konsekvensar av auka drivhuseffekt, blant anna i arktiske område, og kva tiltak som vert sette i verk internasjonalt for å redusere auken i drivhuseffekten.

Samfunnsfag, etter 10. trinn

Geografi

  • Vurdere bruk og misbruk av ressursar, konsekvensar det kan få for miljøet og samfunnet, og konfliktar det kan skape lokalt og globalt.

Samfunnsfag Vg1/Vg2

Internasjonale forhold

  • Gje døme på internasjonalt samarbeid og beskrive Noreg som internasjonal aktør.

Biologi 2

Økologi

  • Gjere greie for krinsløpet til karbonet og nitrogenet i eit økosystem, og korleis miljøgifter blir konsentrerte i næringskjeder.
  • Forklare korleis økosystem kan endre seg over tid, og knyte det til klimaendring og andre miljøproblem.

Geofag 2

Klimaendringar

  • Presentere informasjon om klimaendringar i polare område og gjere greie for ulike syn på årsaker til klimaendringar og verkningar av dei.