Boligblokka

Boligblokka består av 4 filmar og tilhøyrande ressursar om likestilling og kjønnsroller. Kvar film har ei lengde på 8–10 minutt, og vi møter ungdommar i ulike situasjonar knytte til kvardagen i familien, utdanningsval og arbeidsliv.

Målgruppa for filmane er elevar på ungdomssteget i grunnskulen. Filmane og dei tilhøyrande ressursane dekkjer kompetansemål for faga samfunnsfag, KRLE, norsk, utdanningsval og naturfag.