Eg vil bli

I denne filmen møter vi Gunnhild, foreldra hennar og storebroren hennar ein dag Gunnhild skal ut for å treffe den nye kjærasten sin. Filmen handlar om kjønnsroller og likestilling i familien, og kva forventningar og haldningar som er knytte til barna sine utdanningsval, kjærastar og forpliktingar når det gjeld husarbeid.

Oppgåver

Læreplan

Samfunnsfag, etter 10. trinn

Samfunnskunnskap

  • Gjere greie for omgrepa haldningar, fordommar og rasisme og vurdere korleis haldningar kan bli påverka, og korleis den einskilde og samfunnet kan motarbeide fordommar og rasisme.

RLE, etter 10. trinn

Filosofi og etikk

  • Analysere kjønnsroller i skildringar av seksualitet og forklare skilnaden på ønskt seksuell kontakt og seksuelle overgrep.
  • Gje døme på korleis oppfatningar om forholdet mellom kjærleik og seksualitet kan variere i og mellom kulturar.
  • Reflektere over etiske spørsmål knyttet til mellommenneskelige relasjoner, familie og venner, samliv, heterofili og homofili, ungdomskultur og kroppskultur.

Norsk 8. – 10. trinn

Muntleg kommunikasjon

  • Drøfte etiske spørsmål knytt til menneskeverd og menneskerettar, likeverd og likestilling, mellom anna ved å ta utgangspunkt i kjente forbilder.
  • Samtale om form, innhald og føremål i litteratur, teater og film, og framføre tolkande opplesing og dramatisering.
  • Delta i diskusjonar med begrunna meiningar og sakleg argumentasjon.

Språk, litteratur og kultur

  • Drøfte korleis språkbruk kan verke diskriminerande og trakasserande.

Naturfag, etter 10. trinn

Kropp og helse

  • Formulere og drøfte problemstillingar knytt til seksualitet, seksuell orientering, kjønnsidentitet, grensesetting og respekt, seksuelt overførbare sjukdomar, prevensjon og abort.

Valgfaget demokrati i praksis, etter 10. trinn

Demokrati

  • Gjere rgreie for og drøfte omgrepa likestilling og likeverd.

Filmen og oppgåver kan òg brukast på barnetrinnet i tilknyting til kompetansemål om familien, ulike forventningar til jenter og gutar, roller, respekt, kjærleik og seksuell orientering.