Forskar Katja Enberg

Katja Enberg, forskar på evolusjonsbiologi ved Havforskingsinstituttet i Bergen.

Ho studerer korleis menneskeskapte klimaendringar, saman med andre menneskelege aktivitetar, påverkar fiskeartar på genetisk nivå. Kva skjer med fisken når havet blir varmare og til dømes vekst skjer raskare? Dersom det ikkje er nok mat til fisken, må den ta større risiko og oppsøke nye område. Kva gjer fisken, og vil den endre seg genetisk?