Jordens lunger

Filmserien Jordens lunger handlar om det faglege grunnlaget for Regjeringa sitt klima- og skogprosjekt, som vart kunngjort under klimaforhandlingane på Bali i desember 2007. Årleg blir det no bevilga inntil 3 milliardar kroner til arbeid mot avskoging i tropiske skogar i utviklingsland. Prosjektet byggjer på samarbeid med store aktørar som FN, Verdensbanken og regionale utviklingsbankar. Initiativet er kjent under namnet REDD+, og målet er å få det inn i den nye globale klimaavtalen.

REDD+ er eit akronym av den engelske beskrivelsen: Reduction of Emissions from Deforestation and forest Degradation, og der + er sett inn for å få fram utviklingsdelen, som handlar om mellom anna fattigdomsbekjemping, urfolks rettar, biodiversitet og berekraftig utvikling.

Introduksjon til klima, skog og CO2

Kva er samanhengen mellom CO2-utslipp og regnskog? Kvifor fører avskoging til meir klimagass i atmosfæren? Korleis kan bevaring av skog gi inntekter? Korleis kan lokalbefolkninga i DR Kongo – eit av verdas fattigaste land faktisk tene på at den industrialiserte verda har skapt klimakrisen? Kva skal dei gjere når dei ikkje kan hente ut ved, og rydde ny jord i skogen? Desse spørsmåla skal dette nettstaden prøve å gi svar på. Det har i lang tid vore fokus på at avskoging reduserer det biologiske mangfaldet og andre naturressursar. Det er først dei siste tiåra at vi har byrja å sjå at avskoginga også gir utslepp av drivhusgassar.

Lungene hjelper kroppen til å kvitte seg med CO2, som er eit avfallsstoff. Samtidig tar lungene opp og forsyner kroppen med O2. Skogen fungerer omtrent på same måte i forhold til jordkloden. Den tar opp CO2 frå omgivnadene og hjelper dermed jordkloden å bli kvitt noko av denne gassen. Samtidig produserer skogen O2 gjennom fotosyntesen, som er viktig for livet på jorda. På denne måten fungerer skogen som lungene for jordkloden.

Ved å bevare naturskog og plante ny kan vi binde enorme mengder karbon, faktisk nok til å snu utviklinga mot ei stadig varmare klode. Det må vere verdt noko?

Det er då også denne verdien som er grunnlaget for REDD+. Den som bremser avskoginga i regnskogsbeltet gjennom å ta vare på eller plante ny skog, skal få belønning for det. Når vi no har ein sterk global rørsle for å hindre avskoging, kan vi derfor oppnå mykje.

Avskoging skaper klimagass

Avskoging av tropiske skogar er ein av dei største kjeldene til menneskeskapte utslipp av drivhusgassar. Skal vi stanse den globale oppvarminga, er vi dermed også nøydde til å stanse avskoginga.

Det er ein del usikkerheit om tala, men dei er uansett høge. Ein reknar no med at så mykje som 18 % av utsleppa av drivhusgassar i verda kjem frå avskoging og skogforringing. Avskoging for å gi tømmermateriale, ved og jordbruksland osv. gir faktisk meir utslepp enn all transport i heile verda! Kun energisektoren forårsakar meir utslepp enn avskoging. I tillegg tar skog opp CO2 i fotosyntesen og er ein viktig bidragsytar for å redusere drivhusgassar.

Gjennom REDD+ har vi byrja å få til eit system for korleis vi kan bevare skog. Men det er fortsatt mykje som gjenstår før ein har heile regelverket på plass. For det finst ingen entydige og enkle løysingar for korleis vi skal stimulere til mindre avskoging. Det er stor usikkerheit knytt til korleis skogbevaring skal reknast om til CO2-vekt og klimakvotar, kva verdi arbeidet skal ha, og ikkje minst kven som skal ha betalinga. Eigedomsretten til store delar av areala i regnskogane er heller ikkje entydig.

Samarbeidspartnarar