Kongobassenget

Regnskogen i Kongobassenget er verdas nest største. Over halvparten av denne ligg i Den demokratiske republikken Kongo, DR Kongo. Den inneheld 60-80% av alt naturmangfald og er levebrød for millionar av menneske. I Kongobassenget står utanlandske tømmerfirma for det meste av avskoginga. Mørkt og tungt regnskogtømmer blir frakta ut av landet og seld på det internasjonale markedet. Mykje endar som luksusprodukt i rike land. Men avskoging har også samanheng med fattigdom og befolkningsvekst. Befolkninga er heilt avhengig av det dei finn i skogen for å overleve: mat, medisinar, brensel og materiale. Kva skal dei leve av dersom skogen forsvinn? Og kva alternativ har dei dersom skogen vert verna?

Oppgåver til filmen

  • 1.

    Beskriv sentrale trekk i historia som har medført vanstyre og plyndring av Kongobassenget.

  • 2.

    Kvifor er Kongoelva viktig for Sentral-Afrika?

  • 3.

    Beskriv nokre typiske trekk ved regnskogen i Kongobassenget både når det gjeld klima, lysforhold, dyr, plantar og befolkning.

  • 4.

    Kvifor er svak statleg styring ei trussel for regnskogen i DR Kongo?

Fordjupningsoppgåver

  • 1.

    Kongobassenget består av seks land. Kva er dei? Kva heiter hovudstadene i desse seks landa?

  • 2.

    Bruk www.globalis.no til å lage ei samanlikning av levestandard og økonomi i desse seks landa. Kva ser du av forskjellar og likskapar?

  • 3.

    Sjå dette omslaget til ei bok utgitt i 1905. Kva seier den om styrkeforholdet mellom kvite oppdagarar og lokalbefolkninga? Prøv å finne ut meir om boka og forfattaren. Kva trur du dreiv desse eventyrarane ut i ukjende land?

  • 4.

    Katsjuk, rågummi, finst i og utvinnes av melkesaft frå forskjellige tropiske og subtropiske plantar. Produksjon av rågummi var ei stor inntektskjelde frå kolonien Kongo. Finn ut meir om denne produksjonen, korleis den føregjekk, kva materialet blei brukt til, og kvifor dette ikkje lenger er ei inntektskjelde for landet.

Ressursar

Globalis

Læreplan

Naturfag etter 10. trinn

Mangfald i naturen

  • Undersøkje og registrere biotiske og abiotiske faktorar i eit økosystem i nærområdet og forklare samanhengar mellom faktorane.
  • Observere og gi døme på korleis menneskelege aktivitetar har påverka eit naturområde, identifisere ulike interessegruppers syn på påverknaden og foreslå tiltak som kan verne naturen for framtidige generasjonar.

Naturfag Vg1

Berekraftig utvikling

  • Undersøkje ein global interessekonflikt knytt til miljøspørsmål og drøfte kvaliteten på argument og konklusjonar i debattinnlegg.

Samfunnsfag etter 10. trinn

Historie

  • Gjere greie for kolonialisme og imperialisme og gje døme på avkolonisering.
  • Drøfte årsaker til og verknader av sentrale internasjonale konfliktar på 1900- og 2000-talet.
  • Drøfte viktige omveltingar i samfunnet i nyare tid, og reflektere over korleis dagens samfunn opnar for nye omveltingar.

Geografi

  • Gjere greie for indre og ytre krefter på jorda, rørsler i luftmassane, krinsløpet til vatnet, vêr, klima og vegetasjon og drøfte samanhengar mellom natur og samfunn.
  • Undersøkje korleis menneske gjer seg nytte av naturgrunnlaget, andre ressursar og teknologi i Noreg og i andre land i verda og drøfte premissar for berekraftig utvikling.
  • Undersøkje og diskutere bruk og misbruk av ressursar, konsekvensar det kan få for miljøet og samfunnet, og konfliktar det kan skape lokalt og globalt.

Samfunnsfag Vg1/Vg2

Internasjonale forhold

  • Finne døme på ulike typar konfliktar og menneskerettsbrot og drøfte kva FN og andre internasjonale aktørar kan gjere.
  • Gjere greie for ulike forklaringar på kvifor det finst fattige og rike land, og diskutere tiltak for å redusere fattigdommen i verda.

Politikk og demokrati

  • Diskutere omgrepa økonomisk vekst, levestandard, livskvalitet og berekraftig utvikling og forholdet mellom dei.

Samarbeidspartnarar