CO2 i skog
Skog er ein viktig del av jordas karbonkretsløp. Skog i vekst tar opp meir CO2 gjennom fotosyntese enn den produserer CO2 gjennom celleånding. Dette utgjer eit netto opptak av CO2 frå atmosfæren. Det er derfor viktig å ta vare på regnskog for å redusere CO2-konsentrasjonen i atmosfæren og hindre global oppvarming.