Korleis virkar REDD+

Det er eit viktig mål å få REDD+ inkludert i ein ny global klimaavtale. Eit anna mål er å bidra til å redusere klimagassutsleppa frå skogsektoren i utviklingsland så raskt som mogleg, allereie før ein ny klimaavtale er på plass. Eit tredje mål er å bevare naturskog for hennar gode evne til å lagre karbon, og for å bevare mangfaldet av artar og genressursar, økosystemtenester og livsgrunnlaget til menneske som lever i og av skogane. Ein overordna målsetjing for satsinga, i tillegg til klimamåla, er å bidra til fattigdomsreduksjon og berekraftig utvikling i utviklingsland.

Oppgåver til filmen

  • 1.

    Kvifor hugges skogen i DR Kongo?

  • 2.

    Kva konsekvensar kan totalfreding av skog i DR Kongo gi?

  • 3.

    Korleis står det til med eigedomsretten til skogen i DR Kongo?

  • 4.

    Korleis jobbar REDD+ i DR Kongo?

  • 5.

    Korleis kan REDD+ hjelpe urbefolkninga i DR Kongo?

Fordjupningsoppgåver

  • 1.

    Sjå på diagrammet nedanfor som viser avskoginga i tropane, med spesielt fokus på forholdet mellom Brasil, Indonesia og DR Kongo.

    Kvifor kjem DR Kongo så mykje betre ut enn dei to andre landa, sjølv om dei har den nest største regnskogen i verda?

  • 2.

    Bruk www.globalis.no til å lage ein samanlikning av levekår og økonomi i desse tre landa. Kva ser du av forskjellar og likskapar?

  • 3.

    Diskuter påstanden: «Fattige land må engasjere seg i å løyse eit problem som den industrialiserte verda har påført kloden».

  • 4.

    Les artikkelen «Ut og kjøpe regnskog» av Arild Angelsen. Lag ei liste over utfordringar som han meiner vil oppstå i kampen for å redde regnskogen. Kva utfordring trur du er den største?

Ressursar

Læreplan

Naturfag etter 10. årstrinn

Mangfold i naturen

  • Observere og gi døme på korleis menneskelege aktivitetar har påverka eit naturområde, identifisere ulike interessegruppers syn på påverknaden og føreslå tiltak som kan verne naturen for framtidige generasjonar.

Naturfag Vg1

Berekraftig utvikling

  • Undersøke ein global interessekonflikt knytt til miljøspørsmål og drøfte kvaliteten på argument og konklusjonar i debattinnlegg.

Stråling og radioaktivitet

  • Gjere greie for nokre mogleg konsekvensar av auka drivhuseffekt i arktiske og lågtliggande område og drøfte eitt aktuelt klimatiltak.

Samfunnsfag etter 10. årssteget

Historie

  • Drøfte årsaker til og verkningar av sentrale internasjonale konfliktar på 1900- og 2000-talet.
  • Drøfte viktige omveltingar i samfunnet i nyare tid, og reflektere over korleis dagens samfunn opnar for nye omveltingar.

Geografi

  • Gjere greie for indre og ytre krefter på jorda, rørsler i luftmassane, krinsløpet til vatnet, vêr, klima og vegetasjon og drøfte samanhengar mellom natur og samfunn.
  • Undersøkje korleis menneske gjer seg nytte av naturgrunnlaget, andre ressursar og teknologi i Noreg og i andre land i verda og drøfte premissar for berekraftig utvikling.
  • Undersøkje og diskutere bruk og misbruk av ressursar, konsekvensar det kan få for miljøet og samfunnet, og konfliktar det kan skape lokalt og globalt.
  • Kartleggje variasjonar i levekår i ulike delar av verda, forklare dei store skilnadene mellom fattige og rike og drøfte tiltak for jamnare fordeling.

Samfunnsfag Vg1/Vg2

Politikk og demokrati

  • Diskutere omgrepa økonomisk vekst, levestandard, livskvalitet og berekraftig utvikling og forholdet mellom dei.

Samarbeidspartnarar