Klimafilm

Korleis endrar klimaet seg? Kan vi stole på klimaforskarar? Kva tiltak verkar, og korleis kan vi tilpasse oss? Klima er eit stort og viktig tema som spenner over eit breitt spekter av fag. Samfunnet vil møte mange utfordringar knytt til klimaendringane, og alle vil bli påverka på ein eller annan måte. Difor er det viktig med kunnskap og engasjement om klima og klimaendringar.

Klimafilm.no består av filmar og tilhøyrande ressursar med oppdatert og forskingsbasert kunnskap om klima. Kvar film har ei lengd på 8–10 minuttar og har eit tydeleg tema. Filmserien dannar til saman eit heilskapleg bilete av fagfeltet. Filmane er dubba til kurmanji, sorani, arabisk og somali som støttespråk for elevar med minoritetsspråk. Det finst òg ein engelsk versjon.

Målgruppa er elevar og lærarar på ungdomssteget og i vidaregåande skule. Filmane og dei tilhøyrande ressursane dekkjer kompetansemål for faga naturfag, samfunnsfag, geografi, geofag, biologi, teknologi og forskingslære (ToF), norsk og KRLE. Læringsressursen vart produsert i 2012.

Klimafilm er no tilgjengeleg med støttespråk

Filmar og oppgåver er tilgjengelege på engelsk, sorani, kurmanji, arabisk og somali, samt oppgåver òg på nynorsk. Dei dubba filmane ligg rett under skjermbiletet på kvar film. Oppgåvene på dei ulike språka er tilgjengelege som PDF-filer.

Ressursar

Undervisningsopplegg

Viten.no: Global oppvarming

Et nettbasert undervisningsprogram om drivhuseffekten og korleis forskarar brukar klimamodellar for å forutsjå korleis klimaet kan bli i framtida.

Miljølære

Aktivitetar om berekraftig utvikling som elevar kan gjennomføre i sine nærområde. Resultata av undersøkingane vert lagde inn i ein felles database som gjer det mogleg å samanlikne eigne og andres observasjonar.

Klimatoppmøte i skulen

Rollespelet «Klimatoppmøte i skulen» inviterer ungdom til å løyse klimaproblemet på sin eigen måte i klasserommet.

Energispelet

Eit simulatorbasert strategispel som fokuserer på aktuelle tema innanfor energi, miljø og klima.

Faktaark og leksikon

Lær om klima

Faktaark og publikasjonar frå Bjerknessenteret

ESPERE Klimaleksikon

Stikkordsliste over grunnleggande omgrep om klima. Omgrepa er grundig skildra med tekst og bilete.

Filmar

Kraftskulen

20 korte filmar om energi med tilhøyrande forslag til oppgåver, quiz, læreplanreferansar, utskrift av det som vert sagt i filmane, lenkesamlingar og tips til læraren.

Gjenvinningsskolen

10 filmar om klima, miljø, kjeldesortering og gjenvinning.

Polarskolen.no

Filmar med tilhøyrande oppgåver og ressursar som viser polarforsking knytt til forureining, klima og konsekvensar for polare strok. Filmane er utvikla med basis i opptak gjort av forskarar i samband med forskingsprogrammet International Polar Year (2007–2008), som vart organisert av Verdas vitskaplege union (ICSU) og Verdas meteorologiske organisasjon (WMO).

Bidragsytarar

Faggruppe

  • Wenche Erlien, Snöball Film
  • Christian Bjørnæs, Tove Kolset, Petter Haugneland og Hans Martin Seip, CICERO
  • Anders Isnes, Naturfagsenteret
  • Kjersti Dørumsgard Moxness, Miljødirektoratet
  • Anne Elisabeth Scheen, Klima- og miljødepartementet

Samarbeidspartnarar

  1. CICERO Senter for klimaforskning
  2. Klima- og miljødepartementet
  3. Miljødirektoratet
  4. Naturfagsenteret
  5. Utdanningsdirektoratet

Språkversjonering til støttespråk for minoritetsspråklege elevar er støtta av Utdanningsdirektoratet.