Klimaavtalar

Det har vore forhandlingar under FNs klimakonvensjon om ein internasjonal klimaavtale i snart 20 år. Byrdefordeling er framleis eit sentralt stridstema i forhandlingane. Kor mykje skal kvart land kutte i utslepp av klimagassar, og kven skal betale? I denne filmen følgjer vi ein dag i livet til klimaaktivisten Lan Marie Nguyen Berg, og vi får vite meir om klimaavtalar, klimaforhandlingar, tiltak for å redusere utslepp, og korleis ungdom kan engasjere seg.

Oppgåver før du ser filmen

  • 1.

    Korleis har den globale gjennomsnittstemperaturen endra seg dei siste 100 åra?

  • 2.

    Korleis har verdas totale CO₂-utslepp endra seg i same periode?

  • 3.

    Nemn minst fem land som har store utslepp av CO₂ i dag.

  • 4.

    Kvifor trur du det er vanskeleg å få forhandla fram gode internasjonale klimaavtalar?

  • 5.

    Les artikkelen Kva er internasjonale avtalar? og finn ut kva omgrepa protokoll, konvensjon og ratifisering betyr.

Læreplan

Samfunnsfag, etter 10. årstrinn

Samfunnskunnskap – Gje døme på kva samarbeid, medverknad og demokrati inneber nasjonalt, lokalt, i organisasjonar og i skolen.

Samfunnskunnskap – Gjere greie for hovudprinsippa i FN-pakta, FNs menneskerettserklæring og sentrale FN-konvensjonar, mellom anna ILO-konvensjonen om urfolks rettar, vise korleis dei kjem til syne i lovgjeving og drøfte konsekvensar av brot på menneskerettar.

Naturfag, etter 10. årstrinn

Mangfald i naturen – Observere og gi eksempel på korleis menneskeleg aktivitet har påverka eit naturområde, undersøkje ulike interessegrupper sine syn på påverknaden, og foreslå tiltak som kan verne naturen for framtidige generasjonar.

KRLE, etter 10. årstrinn

Filosofi og etikk – Drøfte verdival og aktuelle tema i samfunnet lokalt og globalt: sosialt og økologisk ansvar, teknologiske utfordringar, fredsarbeid og demokrati.

Naturfag Vg1

Berekraftig utvikling – Undersøkje ein global interessekonflikt knytt til miljøspørsmål og drøfte kvaliteten på argument og konklusjonar i debattinnlegg.

Stråling og radioaktivitet – Gjere greie for nokre moglege konsekvensar av auka drivhuseffekt i arktiske og lågtliggjande område, og drøfte eitt aktuelt klimatiltak..

Biologi 1

Biologisk mangfald – Forklare kva omgrepet biologisk mangfald omfattar og drøfte spørsmål kring ansvaret for å ta vare på biologisk mangfald lokalt og globalt.

Geofag 2

Klimaendringer – Drøfte etiske utfordringar knytt til klimaendringar.