Klimasystemet
Klima er endringar i vêr over tid. Dei ulike delane av klimasystemet er avhengige av kvarandre og påverkar kvarandre gjensidig. Klimaet har alltid endra seg, og mange faktorar, både naturlege og menneskeskapte, speler inn. Dei siste 30–40 åra har vi sett at klimaet endrar seg raskare enn det naturlege årsaker åleine kan forklare, og vi har mange observasjonar på at det har skjedd ei global oppvarming. FNs klimapanel er nesten heilt sikre på at den viktigaste forklaringa er menneskeleg aktivitet som fører til auka konsentrasjon av drivhusgassar i atmosfæren, og som bidreg til ein forsterka drivhuseffekt.