Kraftskulen
Kraftskulen er ein filmbasert læringsressurs om energi. Hovudmålgruppa er elevar i vidaregåande skule og ungdomsskulen, men filmane vil òg vere nyttige for alle som ønskjer å setje seg inn i temaet energi.
Vårt moderne samfunn er avhengig av rikelig og sikker tilgang på energi. Målet med Kraftskulen er å gje sjåarane auka kunnskap og medvit om dei utfordringane og moglegheitene vi står overfor i energisektoren.
Læringsressursen vart produsert i 2010 og består av 20 korte filmar om energi, oppgåver, oversikt over aktuelle kompetansemål og lenkesamlingar.