Deprecated: trim(): Passing null to parameter #1 ($string) of type string is deprecated in /home/u479901513/domains/kunnskapsfilm.no/public_html/wp-content/plugins/acf-vimeo-field-master/acf-vimeo-funcs.php on line 11

Atomenergi

Atomenergi er energi lagra i atomkjernene. Spalting av atomkjerner frigjer kolossale mengder energi og varme. Varmen fordampar vatn, og damptrykket som då oppstår, driv ein dampturbin som igjen driv ein generator. Denne generatoren produserer straum. Slik sett kan eit atomkraftverk seiast å vere eit avansert dampkraftverk.

Råstoffet er anriket uran, eit stoff som også blir brukt i atomvåpen. Difor er kjøp og sal av uran strengt regulert. Thorium er eit alternativt råstoff som det finst mykje av, mellom anna i Noreg og India.

Eit atomkraftverk produserer også høyradioaktivt avfall. Korleis kan dette farlege avfallet lagrast på ein forsvarleg måte?

Oppgåver

Læreplan

Naturfag, etter 10. trinn

Mangfald i naturen – observere og gi eksempel på korleis menneskelege aktivitetar har påverka eit naturområde, identifisere ulike interessegruppers syn på påverknaden og foreslå tiltak som kan verne naturen for framtidige generasjonar.

Fenomener og stofferforklare korleis vi kan produsere elektrisk energi frå fornybare og ikkje-fornybare energikjelder, og diskutere kva miljøeffektar som følgjer med ulike måtar å produsere energi på.

Naturfag Vg1

Berekraftig utviklingundersøke ei global interessekonflikt knytt til miljøspørsmål og drøfte kvaliteten på argument og konklusjonar i debattinnlegg.

Stråling og radioaktivitetgjennomføre forsøk med radioaktivitet, halveringstid og bakgrunnsstråling, forklare fenomena og gjere enkle beregningar.

Energi for framtidagjere rede for forskjellen mellom energikjelder og energibærarar, og ein aktuell energibærar for framtida.

Samfunnsfag, etter 10. trinn

Geografi

  • Undersøkje korleis menneske gjer seg nytte av naturgrunnlaget, andre ressursar og teknologi i Noreg og i andre land i verda og drøfte premissar for berekraftig utvikling.
  • Undersøkje og diskutere bruk og misbruk av ressursar, konsekvensar det kan få for miljøet og samfunnet, og konfliktar det kan skape lokalt og globalt.

Samarbeidspartnarar

  1. Statkraft
  2. Naturfagsenteret
  3. Enova