Energi i framtida

Verdens samlede energiforbruk aukar for kvart år. Mellom 80-90 % av energien kjem frå fossile brensel som olje, kol og gass. Dei er ikkje fornybare og vil ta slutt ein dag. Det gjer at energisituasjonen i framtiden heilt sikkert vil vere annleis enn i dag. Kva vil vere dei største energiutfordringane i framtiden? Kva energikjelder forskar ein på som mogleg erstatning for dei fossile brensla?

Oppgåver

Læreplan

Naturfag etter 10. trinn

Mangfald i naturenobservere og gi døme på korleis menneskelege aktivitetar har påverka eit naturområde, identifisere ulike interessegruppers syn på påverknaden og føreslå tiltak som kan verne naturen for framtidige generasjonar.

Fenomener og stofferforklare korleis vi kan produsere elektrisk energi frå fornybare og ikkje-fornybare energikjelder, og diskutere kva miljøeffektar som følgjer med ulike måtar å produsere energi på.

Naturfag Vg1

Berekraftig utvikling – undersøkje ein global interessekonflikt knytt til miljøspørsmål og drøfte kvaliteten på argumenta og konklusjonane i debattinnlegg.

Energi for framtida

  • Gjere forsøk med solceller, solfangarar og varmepumper, forklare hovudtrekk i verkemåten og gjere enkle berekningar av verkningsgraden.
  • Beskrive verkemåten og bruksområdet til nokre vanlege batteri og brenselceller.
  • Gjere greie for ulik bruk av biomasse som energikjelde.
  • Gjere greie for forskjellen mellom energikjelder og energibærarar og ein aktuell energibærar for framtiden.

Samfunnsfag etter 10. trinn

Geografi

  • Undersøkje korleis menneske gjer seg nytte av naturgrunnlaget, andre ressursar og teknologi i Noreg og i andre land i verda og drøfte premissar for berekraftig utvikling.
  • Undersøkje og diskutere bruk og misbruk av ressursar, konsekvensar det kan få for miljøet og samfunnet, og konfliktar det kan skape lokalt og globalt.

Geofag 2

Georessursar

  • Beskrive utnyttinga av dei fornybare energikjeldene sol, vind, tidevann, bølger og geotermisk energi, og drøfte kva betydning dei har for energiforsyninga i framtiden.
  • Drøfte miljøproblem knytt til utnytting av georessursar og teknologien som blir brukt.

Samarbeidspartnarar

  1. Statkraft
  2. Enova
  3. Naturfagsenteret