Deprecated: trim(): Passing null to parameter #1 ($string) of type string is deprecated in /home/u479901513/domains/kunnskapsfilm.no/public_html/wp-content/plugins/acf-vimeo-field-master/acf-vimeo-funcs.php on line 11

Energi og klima

Klimaet på kloden vår er i endring. Den globale temperaturen aukar, polane smeltar, havnivået stig, vind og havstraumar blir meir uforutsigbare. Det er ikkje første gongen i jordas historie at klimaet er i endring, men det nye er at det er vi menneske som mest sannsynleg forårsakar endringane. Verdenssamfunnet har som mål at gjennomsnittstemperaturen ikkje skal stige meir enn to grader. Kva må til for at dette målet skal nåast? Kva kan statar gjere for å redusere utsleppa av klimagassar? Kva kan enkeltmennesket gjere?

Oppgåver

Læreplan

Naturfag etter 10. trinn

Mangfald i naturenobservere og gi døme på korleis menneskelege aktivitetar har påverka eit naturområde, identifisere ulike interessegruppers syn på påverknaden og føreslå tiltak som kan verne naturen for framtidige generasjonar.

Naturfag Vg1

Berekraftig utvikling

  • Kartlegge eigne forbruksval og argumentere fagleg og etisk for eigne forbruksval som kan bidra til berekraftig forbruksmønster.
  • Undersøkje ein global interessekonflikt knytt til miljøspørsmål og drøfte kvaliteten på argumenta og konklusjonane i debattinnlegg.

Stråling og radioaktivitet

  • Forklare kva drivhuseffekt er, og gjere greie for korleis menneskeleg aktivitet endrar energibalansen i atmosfæren.
  • Gjere greie for nokre mogleg konsekvensar av auka drivhuseffekt i arktiske og lågtliggande område og drøfte eit aktuelt klimatiltak.

Samfunnsfag etter 10. trinn

Geografi – undersøkje og diskutere bruk og misbruk av ressursar, konsekvensar det kan få for miljøet og samfunnet, og konfliktar det kan skape lokalt og globalt.

Samfunnsfag Vg1/Vg2

Politikk og demokrati – diskutere omgrepa økonomisk vekst, levestandard, livskvalitet og berekraftig utvikling og forholdet mellom dei.

Geofag 2

Klimaendringar

  • Gjere greie for diskusjonar i fagmiljøa om årsaker til klimaendringar.
  • Drøfte etiske utfordringar knytt til klimaendringar.

Georessursardrøfte miljøproblem knytt til utnytting av georessursar og teknologien som blir bruk.

Samarbeidspartnarar

  1. Statkraft
  2. Enova
  3. Naturfagsenteret