Deprecated: trim(): Passing null to parameter #1 ($string) of type string is deprecated in /home/u479901513/domains/kunnskapsfilm.no/public_html/wp-content/plugins/acf-vimeo-field-master/acf-vimeo-funcs.php on line 11
Lagring av energi
Det vi ofte kallar energikjelder er strengt tatt energilager, til dømes er fossilt brensel eit lager av energi som stammar frå sola. På same måte er eit elektrisk batteri eit lager av kjemisk energi. Alt vi kan få lagra energi i, kallar vi energibærarar. Utfordringa er som regel korleis vi kan lagre energien på ein sikker måte og så få tilgang til energien når vi treng den. Dette er vrient når det gjeld fornybar energi som sollys, vind og bølger. Mange forskarar meiner hydrogen kan vere den neste store energibæraren, men det krev at vi finn gode løysingar for framstilling og lagring.