Solenergi
Sola er verdas energikjelde nummer éin. Dei aller fleste energikjelder stammar anten direkte eller indirekte frå sola. Solenergi er ein blanding av lys- og varmeenergi som vi kan utnytte på ulike måtar. For eksempel har frukt, grønnsaker og fisk frå gamalt av blitt tørka i sola. I dag gir sola oss elektrisitet og varme gjennom solcellepanel og solfangerar.
Ein sentral utfordring er å utnytte solenergi endå meir effektivt.
Korleis kan vi omforme og lagre solenergi slik at den kan drive maskiner, varme bygningar eller lyse opp hus om kvelden?