Del 3 – Nora

I denne delen av filmen får me eit innblikk i Nora si oppleving. Ho kjenner seg dratt mellom jentegjengen og eit ønskje om å vera inkluderande.

Innlest_lyd_bokmål
Innlest_lyd_nynorsk

Oppgåver

  • 1.

    Kva trur de Nora tenkjer om det som skjer?

  • 2.

    Har du vore i ein liknande situasjon som Nora nokon gong? Korleis var den kjensla?

  • 3.

    Kva velgjer Kedi å gjera, trur de? Reiser ho til Nora? Kva ville du/de gjort?

  • 4.

    Me ser at Nora prøver å inkludera både Lillian og Kedi. Men kva med dei andre jentene? Korleis påverkar jentegjengen situasjonen?

  • 5.

    Kva trur de kunne skjedd, dersom jentene snakka meir opent saman?

  • 6.

    Jentene vil eigentleg ikkje såra kvarandre her. Har de nokre idear til kva dei kunne gjort annleis? Korleis ville du/de løyst situasjonen?