Livsmeistring 4. – 7. klasse

Dette undervsningsopplegget inneheld to fiksjonsfilmar som fokuserer på temaa kommunikasjon og utanforskap. Filmane er delt i ulike deler der me får sjå same situasjon fleire gonger, men frå ein annan sitt perspektiv. Dette hjelper elevane til å reflektera rundt kor ulike opplevingar me menneske ofte har. Dei to filmane fokuserer på grunleggande ferdigheiter i sosialt samspel, i tillegg til sjølvkjensle og empati. Dette er sentrale element innanfor det tverrfaglege temaet livsmeistring. Måndag morgon startar med 11 år gamle Sofie som har klippa av seg det lange håret, og er spent på kva dei andre kjem til å seia. Etter skulen startar med fire vener som gamar, der språkbruken er ganske tøff. Til begge filmane er det utvikla ei tilhøyrande lærarrettleiing med konkrete råd og oppgåver.

Til læraren

Opplegget tek sikte på å løfte fram livsmeistring i skulen gjennom auka forståing for kvarandre. Innhaldet i filmen reflekterer kor ulike perspektiv vi menneske ofte har, og viser kor lett vi kan misforstå kvarandre. Vi ønsker å gjere elevane merksame på at kommunikasjon, eller mangel på kommunikasjon, kan påverke både korleis den einskilde har det og korleis vi har det saman. Materialet kan supplere trening i sosiale ferdigheiter og gje auka forståing av empati og sjølvkjensle.

Lærerveiledning_Mandag_morgen
Lærerveiledning_Etter_skolen

Prosjektgruppen

Mari Finnestad  – Regissør – www.kunnskapsfilm.no 
Kristin Grostøl Holen – Førskulelærar og spesialpedagog med spesialisering innan psykososiale vanskar. Viareutdanning innan rådgiving, vegleiing og kommunikasjonsmetodikk, UiO.
Ane-Marthe Solheim Skar – Postdoktor ved Psykologisk institutt, UiO. Forskar knytt til Norsk Kunnskapssenter for vald og traumatisk stress.
Magnus Langseth Kristoffersen – Faglærar i praktiske og estetiske fag med hovudvekt på musikk. Master i spesialpedagogikk. 

Undervisningsressursen er finansiert av Utdanningsdirektoratet.