Islandsk

Island er det landet i Norden som språklig har endra seg minst frå den gongen alle snakka urnordisk. Programleiarane fortel om islandske særtrekk og om korleis dei klarer å halde språket så urørt.

Oppgåver

  • 1.

    Kva forbinder du med islandsk språk? (ord, uttale, skrivemåte)

  • 2.

    Gi eksempel på islandske ord eller uttrykk du kjenner til.

Oppgåver til filmen

  • 1.

    Kva har du lært om islandsk språk som du ikkje visste frå før?

  • 2.

    Nemn nokre eksempel på korleis islandsk skil seg frå dansk, norsk og svensk språk.

  • 3.

    Kva grunnar kan det vere til at islandsk språk har halde seg meir uendra enn nabospråkene dansk, norsk og svensk?

  • 4.

    Kva får du vite om navneskikkene på Island gjennom denne filmen?

    Les eventuelt også den korte artikkelen av Arne Torp om navneskikker, sjå lenka nedanfor.

  • 5.

    Kva likskapar og forskjellar er det mellom islandsk språk og færøysk språk?

    Sjå eventuelt også filmen om færøysk språk for å svare på dette spørsmålet.

Læreplan

Norsk, etter 10. trinn

Språk, litteratur og kulturbeherske grammatiske omgrep som beskriver korleis språk er bygd opp.

Norsk Vg1

Språk, litteratur og kulturbeskrive grammatiske særtrekk i norsk og samanlikne med andre språk.