Svensk

I svensk, norsk og dansk er ordforrådet i hovudsak veldig likt, men av dei tre nabospråka har svensk desidert flest særskilde ord. Sandra gir i filmen døme på fleire slike særskilde ord i tillegg til å fortelje om andre sentrale kjenneteikn ved svensk språk.

Oppgåver før du ser filmen

  • 1.

    Kva meiner du kjenneteiknar svensk språk når det gjeld uttale, ord og skrivemåte?

  • 2.

    Kva særskilde svenske ord og uttrykk kjenner du til, altså ord som blir brukt i svensk, men ikkje på dansk og norsk?

Oppgåver til filmen

  • 1.

    Forklar kva som ligg i omgrepet rikssvensk.

  • 2.

    Korleis skil finlandssvensk seg frå rikssvensk?

  • 3.

    Svensk skil seg frå dansk og norsk ved at dei bruker ä og ö i staden for æ og ø.

    Finn ut kvifor det er slik.

  • 4.

    Kva meiner du om svorsking?

  • 5.

    Kva har du lært om svensk språk i filmen som var nytt for deg?

Ressursar

Vanliga frågor och svar om svenska dialekter (Institutet för språk och folkminnen)
Lyssna på dialekter (Institutet för språk och folkminnen)
Ordlista över svenska språket  (Svenska Akademiens)

Læreplan

Norsk, 8.-10 trinn

Muntleg kommunikasjon lytte til, forstå og gjengi informasjon frå svensk og dansk

Skriftleg kommunikasjonGjengi innhaldet og finne tema i eit utval tekstar på svensk og dansk

Språk, litteratur og kulturBeherske grammatiske omgrep som beskriv korleis språk er bygd opp

Norsk Vg1

Språk, litteratur og kulturBeskrive grammatiske særtrekk i norsk og samanlikne med andre språk