8. Flytting

Eeva konfronterer Aaron, og hemmelegheita hans blir avdekt. Kvifor har han ikkje sagt noko før? Aaron vil ikkje flytte, og han håpte at det ikkje skulle bli noko av. Nils og Kaisa er overraska, og ber han ordne opp med Eeva. Nils kjem på ein idé.

Episoden har kvensk, finsk og norsk undertekst tilgjengeleg. Finsk og norsk kan de velje i videospelaren (cc). Film med kvensk undertekst finst i lenkja under videospelaren.

Oppgåver kvensk

  • 1.

    Er Eeva ofte sur på Aaron?

    Dette var ikke helt rett!
    Dette var ikke helt rett!
    Helt riktig!
  • 2.

    Kva er det Eeva kastar på Aaron?

    Helt riktig!
    Dette var ikke helt rett!
    Dette var ikke helt rett!
  • 3.

    Kva er illustrert på Aaron sin t-skjorte?

    Helt riktig!
    Dette var ikke helt rett!
    Dette var ikke helt rett!
  • 4.

    Når er det Aaron skal flytte?

    Dette var ikke helt rett!
    Helt riktig!
    Dette var ikke helt rett!
  • 5.

    Kva planlegg Nils og Kaisa å arrangere?

    Dette var ikke helt rett!
    Helt riktig!
    Dette var ikke helt rett!
  • 6.

    Kva manglar i setninga som Kaisa seier til Aaron, "sjå oon ...... ikävä, Aaroni"?

    Helt riktig!
    Dette var ikke helt rett!
    Dette var ikke helt rett!
  • 7.

    Kaisa seier til Aaron, "sie häyđyt puhhuut Eevan kansa". Oversett setninga til norsk.

  • 8.

    I setninga i oppgåve 7 blir "kansa" brukt, lag tre setningar der du bruker "kansa".

    Trenger du hjelp?
    Mie menen Marin kansa - eg drar med Mari
  • 9.

    Kvifor vil ikkje Eeva gjere ferdig matoppgåva med Aaron? Diskuter gjerne to og to eller i gruppe.

  • 10.

    Trur du at Eeva og Aaron blir vener igjen? Diskuter gjerne to og to eller i gruppe.

  • 11.

    Sjå for deg at du skal flytte til ein ny stad der det ikkje er mogleg å lære kvensk på skulen. Kva andre måtar finst for å lære språket?

  • 12.

    Reflekter rundt korleis det er å vere ung kven ulike stader i landet. Er det forskjell om du bur i Nord-Noreg eller Sør-Noreg?

  • 13.

    Vel tre ord frå filmen du vil øve på til neste time. Eit tips kan vere å skrive desse ned på ein "post it"-lapp og henge dei på stader der det er naturleg å øve. Til dømes på badet, kjøkkenet, i bilen o.l.

  • 14.

    Skriv tre setningar om det som skjer i filmen på kvensk.

  • 15.

    Les setningane du har skrive til ein i klassen eller spel inn ei lydfil. Hugs å vere nøye på uttale!

Lærarrettleiing kvensk

Sjå lærarrettleiinga på framsida av læremiddelet for meir informasjon om gjennomføringa av undervisningsopplegget for denne episoden. Manus på kvensk og kvensk/bokmål kan de laste ned her:

Kvensk dialogmanus episode 8

Kvensk og bokmål dialogmanus episode 8

Oppgåver finsk

  • 1.

    Er Eeva ofte sint på Aaron?

    Helt riktig!
    Dette var ikke helt rett!
    Dette var ikke helt rett!
  • 2.

    Kva er det Eeva kastar på Aaron?

    Helt riktig!
    Dette var ikke helt rett!
    Dette var ikke helt rett!
  • 3.

    Kva er illustrert på t-skjorta til Aaron?

    Helt riktig!
    Dette var ikke helt rett!
    Dette var ikke helt rett!
  • 4.

    Når skal Aaron flytte?

    Dette var ikke helt rett!
    Helt riktig!
    Dette var ikke helt rett!
  • 5.

    Kva planlegg Nils og Kaisa å arrangere?

    Dette var ikke helt rett!
    Helt riktig!
    Dette var ikke helt rett!
  • 6.

    Kva manglar i setninga som Kaisa seier til Aaron, "se on ... ikävää, Aaroni"?

    Helt riktig!
    Dette var ikke helt rett!
    Dette var ikke helt rett!
  • 7.

    Kaisa sier til Aaron, "sinun täytyy puhua Eevan kanssa". Oversett setningen til norsk.

  • 8.

    I setninga i oppgåve 7 blir "kanssa" brukt. Lag tre setningar der du bruker "kanssa".

    Trenger du hjelp?
    Minä menen Marin kanssa - Eg drar med Mari
  • 9.

    Kvifor vil ikkje Eeva gjere ferdig matoppgåva med Aaron? Diskuter gjerne to og to eller i gruppe.

  • 10.

    Trur du at Eeva og Aaron blir vener igjen? Diskuter gjerne to og to eller i gruppe.

  • 11.

    Sjå for deg at du skal flytte til ein ny plass der det ikkje er mogleg å lære finsk på skulen. Kva andre måtar finst det for å lære språket?

  • 12.

    Reflekter rundt korleis det er å vere ein ung kven/norskfinn ulike stader i landet. Er det forskjell om du bur i Nord-Noreg eller Sør-Noreg?

  • 13.

    Vel tre ord frå filmen du vil øve på til neste time. Eit tips kan vere å skrive dei ned på ein "post it"-lapp og henge dei på stader der det er naturleg å øve, til dømes på badet, kjøkkenet eller i bilen.

  • 14.

    Skriv tre setningar om det som skjer i filmen på finsk.

  • 15.

    Les setningane du har skrive til ein i klassen eller spel inn ei lydfil. Hugs å vere nøye på uttalen!

Lærarrettleiing finsk

Sjå lærarrettleiinga på framsida av læremiddelet for meir informasjon om gjennomføringa av undervisningsopplegget for denne episoden. Manus på finsk og finsk/bokmål kan de laste ned her:

Finsk dialogmanus episode 8

Finsk og bokmål dialogmanus episode 8