Oppgåver
-
1.
Kor stor er isbjørnbestanden i verda i dag? Kor stor trur forskarane at isbjørnbestanden er i år 2050?
-
2.
Beskriv kva som gjer at isbjørnen er spesielt tilpassa eit liv i Arktis.
-
3.
I kva land finn vi isbjørn?
-
4.
Kvifor lever isbjørn i nærleiken av sjøis?
-
5.
Kva går isbjørnavtalen som Noreg underteikna i 1973 ut på?
-
6.
Kva menneskelege aktivitetar er ein trussel for utbreiinga av isbjørnen?
-
7.
Kvifor er fettløyselege miljøgifter spesielt farlege for isbjørn samanlikna med andre artar?
-
8.
Kva effektar har fettløyselege miljøgifter på isbjørn?
-
9.
Beskriv korleis klimaendringar påverkar isbjørn.
-
10.
Nemn nokre faktorar som påverkar storleiken til isbjørnpopulasjonen.
-
11.
Kvifor er det viktig at vi forskar på isbjørn?
-
12.
Kan du gi nokre grunnar for at det er viktig å ta vare på isbjørn?
Læreplan
Naturfag, etter 10. trinn
Mangfold i naturen
- Observere og gi døme på korleis menneskelege aktivitetar har påverka eit naturområde, identifisere ulike interessegruppers syn på påverknaden og foreslå tiltak som kan verne naturen for framtidige generasjonar.
- Gjere greie for faktorar som verkar inn på storleiken til ei populasjon.
- Gjere greie for korleis det internasjonale samfunnet arbeider med globale miljøutfordringar.
- Gjere greie for nokre mogleg konsekvensar av auka drivhuseffekt, mellom anna i arktiske område, og kva tiltak som vert sette i verk internasjonalt for å redusere auken i drivhuseffekten.
Naturfag Vg1
Berekraftig utvikling
- Gjere greie for faktorar som verkar inn på storleiken til ei populasjon.
Gjere greie for korleis det internasjonale samfunnet arbeider med globale miljøutfordringar.
Stråling og radioaktivitet
- Gjere greie for nokre mogleg konsekvensar av auka drivhuseffekt, mellom anna i arktiske område, og kva tiltak som vert sette i verk internasjonalt for å redusere auken i drivhuseffekten.
Samfunnsfag, etter 10. trinn
Geografi
- Vurdere bruk og misbruk av ressursar, konsekvensar det kan få for miljøet og samfunnet, og konfliktar det kan skape lokalt og globalt.
- Gje døme på internasjonalt samarbeid og beskriv Noreg som internasjonal aktør.
- Gjere greie for faktorar som regulerer vekst og storleik av populasjonar og forvaltning av bestandar i eit berekraftig perspektiv.
- Gjere greie for krinsløpet til karbonet og nitrogenet i eit økosystem, og korleis miljøgifter vert konsentrerte i næringskjeder.
- Forklare korleis økosystem kan endre seg over tid, og knyte det til klimaendring og andre miljøproblem.
Etter Vg1/Vg2 i vidaregåande opplæring
Internasjonale forhold
- Gje døme på internasjonalt samarbeid og beskriv Noreg som internasjonal aktør.
Biologi 2
Økologi