Oppgåver
-
1.
Avstanden mellom jorda og sola varierer og gir opphav til store klimasvingningar på jorda. På kva måte varierer avstanden?
-
2.
Korleis kan observasjonar av sedimentar bidra til at forskarar kartlegg utbreiinga av havis og havnivå for tusen av år sidan?
-
3.
Kva metodar bruker forskarar for å kartlegge fortidens klima?
-
4.
Korleis er fortidens klima nyttig i arbeidet med å berekne framtidens klima?
-
5.
Kva meinast med omgrepa naturleg og menneskeskapt pådriv?
-
6.
FNs klimapanel har brukt klimamodellar til å rekonstruere temperaturen dei siste 100 åra. Korleis er desse rekonstruksjonane samanlikna med faktiske målingar av temperaturen?
Læreplan
Naturfag Vg1
Stråling og radioaktivitet
- Forklare kva drivhuseffekt er og gje rede for og analysere korleis menneskeleg aktivitet endrar energibalanse i atmosfæren.
Samfunnsfag, etter 10. trinn
Geografi
- Fortelje om naturgrunnlaget med vekt på indre og ytre krefter på jorda, rørsler i luftmassane, krinsløpet til vatnet, vêr, klima og vegetasjon, og drøfte samanhengar mellom natur og samfunn.
- Vurdere bruk og misbruk av ressursar, konsekvensar det kan få for miljøet og samfunnet, og konfliktar det kan skape lokalt og globalt.
Geofag 2
Geoforskning
- Gjere greie for problemstillingar, metodar og resultat i eit forskingsfelt innan geofag.
Klimaendringar
- Beskrive hovudtrekk ved klimautviklinga frå siste istid til i dag og drøfte teoriar om naturlege og menneskeskapte klimaendringar.
- Presentere informasjon om klimaendringar i polare område og gje rede for ulike syn på årsaker til klimaendringar og verknader av dei.