Ein kald fisk
Denne filmen tek for seg:
- kjølekjeda
- verdien av nedkjøling
- internkontroll
- innfrysing
- mattryggleik og dokumentasjon
Denne filmen tek for seg:
Rigor mortis: Dødsstivleik, stivleiken som skjer i fiskemuskelen dei første timane etter slakting.
Enzym: Proteinstoff som fremjar visse kjemiske reaksjonar utan sjølv å bli endra.
Blokkfrysing: Eit parti fisk blir frose saman.
Kontaktfrysing: Frysemetode av fisk der ein bruker vertikal eller horisontal platefrysar, fisken blir frosen ved å bli pressa mellom nedkjølte plater.
Luftfrysing: Frysemetode der frysinga føregår med hurtig sirkulerande kald luft. Det kan skje i ein tunnel, eventuelt i ein bandfrysar (singelfrysing av fisk).
Gjennomføre varemottak, produksjon, eksponering, emballering, merking og lagring av sjømat i tråd med gjeldande regelverk og kvalitetsstyringssystem.