Hagelupiner

Hagelupiner er ei framand art i Noreg som truar det biologiske mangfaldet. Arten har stor utbreiing i Noreg og finst i alle landets fylker. Lupiner har små rotknoller med nitrogenbindande bakteriar. Bakteriane tar nitrogen direkte frå lufta og lagar gjødsel (ammoniakk eller nitrat) som lupinene kan nyttegjere seg av. Dette gir lupinene eit stort konkurransefortrinn og gjer at den lett kan vekse i næringsfattig jord. Lupiner veks difor ofte i veikanter, der den konkurrerer ut arter som prestekrage, blåklokke, dragehode og klåved. Dette er spesielt problematisk for klåved og dragehode, som begge er utrydningstrua. Statens Vegvesen har ein handlingsplan for framande arter og arbeider med å hindre spreiing av lupiner i veikanter.

Oppgåver før du ser filmen

  • 1.

    Beskriv korleis lupiner ser ut.

  • 2.

    Kor veks det lupiner i ditt nærområde? Drøft gjerne oppgåvene med fleire i klassen din.

Oppgåver til filmen

  • 1.

    Kvifor har hagelupiner eit konkurransefortrinn i forhold til andre arter?

  • 2.

    Andre erteplanter som rødkløver og kvitkløver har òg rotknoller med nitrogenbindande bakteriar. Men desse plantene utkonkurrerer ikkje andre arter på same måten som lupiner. Kvifor trur du det er slik?

  • 3.

    Kva arter er spesielt trua av hagelupiner?

  • 4.

    Korleis har menneske bidratt til å spre lupiner i Noreg? Tenk både på privatpersonar, hagesenter og offentlege etatar.

  • 5.

    Korleis arbeider Statens Vegvesen for å hindre spreiing av lupiner?

  • 6.

    Lupiner har frø som kan overleve i 50 år og som toler sprøytemiddel. Korleis trur du dette påverkar bekjempinga av lupiner?

  • 7.

    Tenk deg at Statens Vegvesen klarte å fjerne alle lupinene frå veikanten. Kva arter vil vekse i veikanten då? Hjelper dette for arter som dragehode og klåved?

Fordjupningsoppgåver

  • 1.

    Kartlegg og registrer hagelupiner i ditt nærområde på miljolare.no: Framande arter.

    Alle funn som blir rapporterte på miljolare.no blir vidareformidla til Artsdatabanken, som samlar informasjon om alt biologisk mangfald i Noreg. Det gjer at både forsking og forvaltning kan bruke skulens registreringar i sitt arbeid med å forvalte og forstå norsk natur.

  • 2.

    Gå inn på Artskart og finn ut om det er registrert nokre hagelupiner i ditt nærområde.

Omgrep

Artei gruppe individ som kan få befruktningsdyktig avkom saman.
Framande arterarter som er spreidd til Noreg ved hjelp av menneskeleg aktivitet.
Svartelistede arterframande arter som utgjer ei trussel mot naturmangfaldet i Noreg.