Bioprospektering

Moderne bioteknologi gjer oss i stand til å ta naturen i bruk på måtar som for 20 år sidan var heilt utenkjelege. Filmen handlar om å leite systematisk etter stoff som kan vere til nytte for oss.

Oppgåver til filmen

  • 1.

    Gje døme på nokre økosystem og artar som er aktuelle for bioteknologisk forskning i Noreg?

  • 2.

    Kvifor trur du at nettopp desse forskingsfelta er aktuelle i Noreg?

  • 3.

    Hva er eit patent, og kva skal til for å få det innvilga? Drøfte forskjellen mellom ein ’oppdaging’ og ein ’oppfinning’. Ein kan i dag få patent på levande mikroorganismar – er det etisk riktig at det skal vere slik?

  • 4.

    Cyclosporin er eit immundempande stoff som i dag blir brukt ved organtransplantasjonar for å unngå avstøytning av nye organ. Stoffet blei i si tid isolert frå lav på Hardangervidda av forskarar frå eit sveitsisk legemiddelfirma. Dette firmaet tener årlig ca. 10 milliardar kroner på dette produktet. Medisinen har medført ei revolusjon innan transplantasjonar og har ført til at tusenvis har blitt redda. Er det riktig at det skal vere gratis å hente slike genetiske ressursar frå Noreg, eller skulle vi fått ei godtgjersle?

Fordjupingsoppgåver

  • 1.

    Du ønskjer å starte ei bedrift for å finne enzymer som kan hjelpe til med å bryte ned avfall. Vel om du ønskjer å satse på nedbrytning av matavfall eller nedbrytning av plast. Finn ut kvar du bør begynne å leite etter spennande gener du kan bruke?

  • 2.

    Tenk deg at du skulle leite etter gener for spesielle eigenskapar hos bakteriar, dyr eller plantar. Kva eigenskapar ville du leita etter i regnskogen og kva ville du leita etter på Svalbard?

  • 3.

    Urfolk besitter mykje kunnskap om naturen. Bør urfolk få godtgjersle dersom denne kunnskapen blir utnytta til å lage nye produkt? Diskuter òg korleis vi best skal ta omsyn til urfolks rettar ved bruk av naturressursar i deira område.

Læreplan

Naturfag Vg1

Bioteknologi

  • Sammenlikne argument om bruk av bioteknologi og drøfte ulike faglege og etiske problemstillingar knytt til desse.

Biologi 2

Den unge biologen

  • Diskutere på eit fagleg grunnlag etiske utfordringar innanfor biologisk forsking.

Teknologi og forskningslære 2

Forskning, teknologi og samfunn

  • Beskrive kjenneteikn ved grunnforskning, anvendt forskning og utviklingsarbeid, og gjere rede for hovudtrekk ved finansiering og styring.
  • Gjere greie for betydninga av naturvitskapleg forskning og teknologiutvikling for næringsliv og samfunn.
  • Drøfte økonomiske, miljømessige og etiske spørsmål i samband med naturvitskapleg forskning og teknologiutvikling.

Samarbeidspartnarar