Stamceller

Lær meir om stamcellene, morcellen som kan bli til alle andre typar celler i kroppen din.

Oppgåver til filmen

  • 1.

    Kva er forskjellen på totipotente, pluripotente og multipotente stamceller?

  • 2.

    Korleis blei sauen Dolly laga?

  • 3.

    Kva er forskjellen mellom terapeutisk kloning og reproduktiv kloning?

  • 4.

    Det er vanskeleg å klone dyr. Synes du det er greit at fleire av dei klona embryoene dør, at klona foster dør og at fleire av dei klona dyra får sjukdomar som skuldast at dei er klona?

  • 5.

    Ville du spist melk og kjøtt frå klona dyr? Bør slik mat vere merka? Kva med kjøtt frå naturlig avkom etter klona dyr?

  • 6.

    Nokre meiner at eit foster får høgare grad av menneskeverd ettersom det utviklar seg, slik at eit embryo på 16-cellestadiet har meir menneskeverd enn eit befruktet egg, og eit foster i 12. veke har meir menneskeverd enn eit embryo. Korleis ser du på ein slik gradering av menneskeliv i forhold til embryoets/fosterets biologiske stadium?

  • 7.

    Når meiner du det nye livet startar når det ikkje byrjar med ei befruktning, som i tilfellet med sauen Dolly?

Fordjupingsoppgåver

  • 1.

    Kva kjelder har vi for stamceller? Beskriv praktiske og etiske fordelar og ulemper med dei ulike kjeldene.

  • 2.

    Arranger ein lekfolkskonferanse om stamceller og kloning som omtalt i heftet om stamceller og kloning.

Læreplan

Naturfag Vg1

Bioteknologi

  • Gi ei oversikt over ulike former for medisinsk bruk av bioteknologi og diskutere moglegheiter og utfordringar ved slik bruk.
  • Sammenligne argument for bruk av bioteknologi og drøfte ulike faglege og etiske problemstillingar knytt til desse.

Biologi 2

Bioteknologi

  • Gjere greie for den biologiske verdien av stamceller, forklare prinsippa for reproduktiv og terapeutisk kloning, og drøfte etiske sider ved val av ulike kjelder for stamceller.

Teknologi og forskningslære X og 1

Teknologi, naturvitskap og samfunn

  • Drøfte etiske, miljømessige, kulturelle og politiske sider ved teknologisk utvikling.
  • Beskrive prinsipper og virkemåte for nokre moderne instrument i industri, helsevesen eller forsking, og gjere rede for nytten og eventuelle skadeverknader.

Teknologi og forskningslære 2

Forskning, teknologi og samfunn

  • Gjøre greie for betydninga av naturvitenskapleg forskning og teknologiutvikling for næringsliv og samfunn.
  • Drøfte økonomiske, miljømessige og etiske spørsmål i samband med naturvitenskapleg forskning og teknologiutvikling.

Samarbeidspartnarar