Gener

Filmen fortel kva gener er og kva vi kan bruke kunnskap om gener til. Den viser kva utfordringar bioteknologane møter i arbeidet sitt.

Oppgåver til filmen

  • 1.

    Kva teknikkar kan ein bruke for å genmodifisere plantar?

  • 2.

    Når ein genmodifiserer eit dyr, må ein setje dei nye genene inn i eit befruktet egg. Kvifor blir det brukte ulike teknikkar ved genmodifisering av plantar og dyr?

  • 3.

    Kva organismar meiner du det er akseptabelt å genmodifisere?

  • 4.

    På Island er det eit firma som produserer menneskeleg veksthormon i byggkorn. Kornene er svarte for å skille dei frå vanleg byggkorn. Kva fordelar har det å produsere medisin i matplanter? Kva kan risikoen med dette vere?

Fordjupingsoppgåver

  • 1.

    Finn døme på plantar og dyr som er ferdig sekvensert, det vil seie at ein kjenner heile DNA-sekvensen (genomet) til organismen.

  • 2.

    Genmodifisert nellik med lilla farge og lang haldbareheit var den første genmodifiserte organismen som blei godkjent for import og sal i Noreg. I genteknologiloven står det følgjande: "Utsetting av genmodifiserte organismar kan godkjennast når det ikkje ligg føre fare for miljø- og helsemessige skadeverknader. Ved avgjersla skal det dessutan leggast vesentleg vekt på om utsettinga har samfunnsmessig nytteverdi og er eigna til å fremje ei berekraftig utvikling."

    Kva vurderingar kan liggje bak denne godkjenninga? Kven har godkjent nellikene? Kva rolle har Bioteknologinemnda ved godkjenning av genmodifiserte organismar, og kva synspunkt på genmodifisert nellik har nemnda argumentert for?

  • 3.

    Hos modellorganismar kan ein studere genenes betydning for eigenskapar ved å slå ut eller setje inn ulike gener. Genmodifisering av menneske er ikkje lov, men ein kan sjå på naturlig oppståtte variantar. Korleis kan vi finne samanhengar mellom eigenskapar og genvariantar hos menneske utan å bruke genmodifisering? Gi konkrete døme.

  • 4.

    I mange lærebøker blir det framstilt at humant insulin blir produsert av genmodifiserte bakteriar. I filmen ser vi bilete frå ein fabrikk som produserer insulin i genmodifiserte gjærceller. Kva fordelar har ein ved å bruke gjær framfor bakteriar?

Læreplan

Naturfag Vg1

Bioteknologi

  • Forklare begrepa krysning og genmodifisering og gi døme på korleis bioteknologi blir brukt til modifisering av eigenskapar hos plantar og dyr.
  • Gi ei oversikt over ulike former for medisinsk bruk av bioteknologi og diskutere moglegheiter og utfordringar ved slik bruk.
  • Sammenlikne argument om bruk av bioteknologi og drøfte ulike faglege og etiske problemstillingar knytt til desse.

Biologi 2

Bioteknologi

  • Forklare korleis genmodifiserte organismar kan framstillast, drøfte korleis dette kan nyttast innanfor medisin, produksjon av mat og biologisk forsking, og kva følgjer dette kan ha for miljøet.

Teknologi og forskningslære X og 1

Teknologi, naturvitskap og samfunn

  • Drøfte etiske, miljømessige, kulturelle og politiske sider ved teknologisk utvikling.
  • Beskrive prinsipper og virkemåte for nokre moderne instrument i industri, helsevesen eller forsking, og gjere rede for nytten og eventuelle skadeverknader.

Teknologi og forskningslære 2

Forskning, teknologi og samfunn

  • Gjere greie for betydninga av naturvitenskapleg forskning og teknologiutvikling for næringsliv og samfunn.
  • Drøfte økonomiske, miljømessige og etiske spørsmål i samband med naturvitenskapleg forskning og teknologiutvikling.

Samarbeidspartnarar

Bioteknologirådet