Melk – Frå råvare til produkt
I denne filmen ser vi nokre av vegar melka kan ta frå ho forlet kua og fram til vi finn ferdige meieriprodukt i butikken. Filmen forklarer grunnleggande melkebehandling som separering, pasteurisering, homogenisering og standardisering. Melkeprodukt som smaksett melk og tørrmelk blir òg omtala. I dag er det meste av meieriproduksjonen automatisert, og dette gjer at fagarbeidaren no har andre oppgåver enn tidlegare.