Mel – Frå råvare til produkt

Denne filmen viser korleis mjøl blir produsert på ei mølle. Deretter får vi sjå eksempel på handverks- og industribaking, kva konditoren gjer i eit handverkskonditori, og kva som blir gjort i eit stort konditori.

Oppgåver

  • 1.

    Beskriv kvifor det er viktig med kveitemjøl viss vi skal lage luftig gjærbakst.

  • 2.

    Kva er dei viktigaste skilnadene frå handverksbedrifter til industribedrifter når det gjeld bakeri og konditori?

  • 3.

    Beskriv utfordringar ein person med cøliaki kan møte i kvardagen når det gjeld mat.

  • 4.

    Kva ligg i omgrepet utmalingsgrad? Gje eksempel på produkt med ulik utmalingsgrad.

Fordjupningsoppgåver

  • 1.

    Ta deg ein tur på butikken og sjå på ulike bakarvarer. På kva produkt finn du ei grovheitsskala? Sjå på ingredienslista på eit par av dei grovaste produkta du finn og eit par av dei finaste, og drøft kva ingrediensar som er avgjerande for dei ulike produkta sine eigenskapar.

  • 2.

    Forklar kva som skjer med gluten i bakeprosessen frå elting til du har eit ferdig steikt produkt.

  • 3.

    Prøv gjerne å lage ein kveiteloff som du lagar etter rett framgangsmåte, og ein der du berre blandar ingrediensane saman utan elting. Steik brøda, og beskriv skilnader og ulikskap. Forklar kvifor produkta er ulike.

Omgrep

Rasking: Dette er hevingsprosessen som skjer etter at bakverket er forma og før det skal steikjast. Dette skjer i raskeskap med styrt temperatur og fuktigheit.
Modifisert atmosfærepakking (MAP): Dette er ein pakkemetode der naturleg luft blir erstatta med ei ønskt gassblanding. Metoden blir brukt for å auke haldbarheita på produkta. Dette skjer gjennom å fjerne oksygen, som er ein av vekstvilkåra for mugg. For mange produkt kan tilsetjing av CO2 hemme andre næringsmiddel-øydeleggande mikroorganismar. Metoden blir brukt berre for langtidsholdbare produkt.
Farinogram: Resultatet av ei måling av mjølets proteininnhald.
Oppslag: Bearbeiding og forming av deigemna til produkt.

Ressursar

Brød & korn – Opplysningskontoret for brød og korn
Matportalen.no – Informasjon om mat og helse fra offentlige myndigheter
Norsk cøliakiforening

Læreplan

Matfag Vg2

Råvarer, produksjon og kvalitet

  • drøfte matfag si rolle i samband med kosthald, ernæring og levevanar og gjere greie for tiltak som kan betre folkehelsa
  • vurdere kvaliteten av råvarer, hjelpestoff og tilsetjingsstoff
  • lage lokale spesialitetar og andre produkt innan matfag
  • vurdere og kontrollere kvaliteten under produksjonsprosessen og i ferdig vare
  • gjere greie for dei endringane som skjer med råvarer under lagring og i produksjonsprosessane
  • forklare korleis ulike råvarer og produksjonsprosessar påverkar næringsinnhaldet i produkta
  • presentere og forklare ein produksjonsprosess
  • bruke aktuelle konserveringsteknikkar